Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

søndag 25. april 2010

Fiskewok

Fiskewok:

Du treng :
Wokpanne, olivenolje eller annan olje, steikespade

2 kg potet, 0,5 kg gulrot, kutt i bitar og ha først i woken i lag med olje.
1 squash, 1 broccoli, 5-6 sopp, 2-3 paprika, 2 løk, 4 tomatar, 0,5 kg seifilet. Kutt i små bitar og ha i woken når potet og gulrot er litt møre.
Slå over 1/3 l matfløte og smak til med sitronpepper, salt og evt. anna krydder

søndag 21. februar 2010

Dagens bakst!


I dag har eg laga gode duftande grove Anisbrød. Dei er kjempegode med berre smør på, men også med brun ost. Har laga desse tidlegare, oppskrifta finn du HER.

laurdag 20. februar 2010

...og så er OL-bollane klare!

I dag har eg baka OL-snadder,...gode kanelsnurrar. Bilder og oppskrift på desse såg eg i bloggen til Anne Grethe, og dei såg så fristande ut at eg måtte spørje etter oppskrift og teknikk. Det var visst fleire som hadde gjort det, for no har ho laga eit kjempeflott innlegg. Tusen takk til deg Anne Grethe!! Dei smaka kjempegodt!


Oppskrift og framgangsmåte finn du HER, men eg legg likevel ut grunnoppskrifta til Anne Grethe:

OL-boller Ca. 30 stykker.
150 g margarin
1/2 liter lettmelk
50 g gjær
1 dl sukker
1/2 ts salt
1-2 ts kardemomme
850 g hvetemel

Fyll:
4 matskjeer myk margarin
4 matskjeer sukker
1 ts kanel

Pensling:
1 egg (piskes med gaffel)
perlesukker eller hakkede mandler

Steking:
250 grader, midt i ovnen i ca.10 min.

Eg laga dobbel porsjon, så det vart 4 brett med deilig bakst! Og ingen skal i frysen, for desse går nok ned på høgkant!!

laurdag 30. januar 2010

Allsidige pitabrød

I kveld har eg laga grove pitabrød. Vel,..... det skulle berre bli vanlige grove, men underveis i bakinga kom eg på at eg kunne lage små foccacia av nokre. Dei fekk heve litt før eg hadde på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt. Dei vart fine og fristande, heile 35 stk av pitabrød og foccacia vart det!! Og smaken var perfekt!!
Oppskrifta vart også til undervegs, omtrent slik er den:

UNIVERSALOPPSKRIFT

1 l lunka lettmelk

1 pk gjær

2 ts salt

3 ts sukker

1 ts bakepulver

0,5 dl rapsolje

mjøl til passelig fast deig ( eg hadde i ca 2 dl sammalt grov kveite, resten fint kveitemjøl)

Hev minst 1/2 time før utbaking. Lag små bollar som du bakar ut til ein liten rund leiv, ca 10-12 cm og ganske tynne.
Dei som skal bli foccacia hadde eg på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt.
Steik v/250 i ca 9 min.

søndag 25. oktober 2009

Før og etter egget!

Dagen min i dag handlar så langt om FØR og ETTER egget! Eg skal ikkje komme med noko form for filosofisk avhandling om oppstandelsen for egget og høna, for her på garden hos meg er svaret soleklart: hønene mine kom først, og så kom egga! På løpande band! Trillar ut som perler på ei snor frå mine 8 koselige damer!Så Juliann er blitt ein storkonsument av egg, med daglig frukostegg! Og det smakar godt! Men problemet i dag på "Stille-klokka-dagen" var kva tid eg skulle ete dette egget. For natta vart ikkje så laang som den burde bli med den ekstra timen. Trur kroppen til Juliann misforstod signala frå media i går, for etter å ha ligge vaken ei stund, så stod Juliann opp,.... kl 04.47. Ikkje så forferdelig tidlig då, men straks verre vart det då eg skrudde klokka ein time tilbake. Hm,... litt tidlig for kaffi og egg, i verste fall kunne eg ende opp med å ete 2 frukostar!! Så då hekla eg litt i staden, for svolten var ikkje gnagande i det heile!Men etter ein time med hekling og musikk frå tv-en, så vart det ein ekstra blund på sofaen til kl 7 "ny tid", så då var det på tide med EGGET!
Så no er eg i sving med dagen min på vanleig søndagsvis,...etter EGGET!
Ha ein fin og lang søndag alle som kikkar innom!

torsdag 8. oktober 2009

Usunn kveldssnadder!

Tja, litt usunt dette her, men litt snadder må ein unne seg av og til. Iallefall treng vi litt "trøstemat" her i vest, for det er ikkje måte på kor mykje nedbør som vi må ta imot. I dag ettermiddag såg det ut til at det var tomt "der oppe", for vi såg både blå himmel og sol ei lita stund. Men akk, det var nok berre litt forsinkelsar i leveringa av desse våte dråpane, for då eg skulle ut på min daglege skogstur, så bøtta det ned! Og sludda!

Denne desserten vart til ved ei rein impulshandling. Måtte ha noko godt til kaffien, og då var det å ta det ein har. No i helga fekk eg nylaga eplesylte av mor mi, så no måtte eg berre prøve å lage Tilslørte bondepiker av det som fanst i skapet.

Oppskrifta er som følger:

  • Knuste Mariekjeks
  • Ei stor skei med eplesylte
  • Ei stor skei vaniljekesam
  • Same rekkefølge ein gong til
  • Til slutt slo eg over "Lett dessert-fløte"
  • Servert!!


Desserten vart nylig inntatt i sofaen med kaffi og levande lys til. Mmmmm! Det smaka herlig!

Så denne desserten,........ er laga fordi eg fortener den!!! Kanskje du òg treng ein slik???? ( Helser til min venn OHH i Lyngen,...ein slik dessert må du lage deg ein dag!!)
Denne lyslykta er eg veldig glad i, den står midt på salongbordet med tent lys kvar kveld. Kjøpte den hos Primula, og ho har fleire att! Til under 100-lappen!

onsdag 22. juli 2009

Gourmetsyltetøy

4 gourmetsylteglas på rad! Frå venstre: Molte, solbær, jordbær og morell.

Eg brukar ikkje å koke syltetøy i store mengder og setje i boda, vanlegvis hentar eg bær frå frysen og kokar etter behov. Sjølv om eg no har laga 4 sortar, er det ikkje mange glasa eg har laga, men tykte det var litt kjekt å prøve nye sortar.
  • Litt molte har eg funne på mine fjellturar, den sylta er berre herlig , åleine eller på brunost! Oppskrift frå Certo syltepulver.
  • Solbærsyltetøy: Eg planta 3 solbærbusker i forfjor, og i år kunne eg plukke 850 g bær! Oppskrifta fann eg på nettet: 1 kg solbær, ca 8 dl vatn, 2 kg sukker, Kok bæra i 5 min. Eg hadde i tillegg 1/2 pose Certo syltepulver oppi, den vart då passe stiv og kjempegod.
  • Jordbærsylte er vanleg, men desse bæra er frå min nyplanta åker i sommar, så dei var ekstra gode!!
  • Morellsylte, sjeldan kost, men godt. Oppskrift under her!
I år hadde vi veldig mykje moreller, så eg måtte prøve å lage sylte av dei bæra også. Har aldri laga slik sylte før, men den vart mild og god. Kokte bæra med steinane i, dei kokte ikkje lause frå bæra så dette er ikkje sylte for små barn! Eg brukte oppskrift frå Certo syltepulver-pakken.



Solbærsylte under produksjon!

søndag 19. juli 2009

Bærlandet.......

Det er travle tider for både fuglane og meg, for den eine bærsorten avløyser den andre her hos meg!
Jordbærsesongen er på hell, og det minkar fælt på morellane mine også. Eg går ein del i fjellet, og no er blåbæra modna i dei lavast liggande områda. Mmmmm, snakk om å gå på tur med slikt snop langs råsa! Blir mange stopp og litt blå fingrar! Måtte plukke med meg ein bukett heimatt for å ha dei til kakepynt.
I lag med bringebær som no modnar for fullt,.....i massevis!

Ei deilig bringebærterte vart helgas snadder. Ein enkel kakebotn, 1 pk vaniljekrem oppå og bær øverst. Enkelt men veldig godt!

OPPSKRIFT

2 egg
2,5 dl sukker
2,5 dl mjøl
50 gr smelta smør
0,5 ts bakepulver
ca 0,5 dl melk
Denne kaka er veldig enkel å lage, for du har alt opp i ein bolle og rører sammen med ein strengvisp, gjort på 1 min!!
Steik v/200 gr i 15-20 min.
I hagen min modnar også solbær og rips no, så det er nok å plukke på! Litt sylte og litt ripsgele blir det nok med det første.
Må nok ha plukkepausar innimellom, då er det godt med ein fjelltur! ........men den som trur at det betyr heilt "plukkefri" må tru om att, for plutselig dumpar ein bort i fjellets gull,...MOLTER, og då må ein sjølvsagt plukke det også.

.........det er like før eg drøymer om raude, blå og gule bær snart, men eg er vel ikkje åleine om det vel??????




måndag 22. juni 2009

Sommarmeny

Det er midtsommar,eg har nokre feriedagar no og Juliannmannen har fridag. Litt av kvart skal gjerast ute, siste rest av slåtten blir slått ned i dag, skal tørke litt på marka først. For det er meldt sol dei neste dagane,.....håpar denne spådomen er rett denne gongen då!
Så då må middagen bli ein rask og sommarleg meny, og kva er bedre enn litt spekemat, ein grønn salat og med potetsalat til. Litt loff med Bremykt på attåt...... mmmm! Sommarsnadder og smakfullt!


Glaset under har eg kjøpt på Kremmerhuset, det er av plast og kostar kr 29. Syns dette er veldig fine glas, så eg har kjøpt fleire av desse. Dei ser ut som dei er av glas og er store og romslege.

søndag 12. april 2009

Amerikansk påskekake

Ei ny kake i dag igjen, jammen bra vi får trimma litt innimellom. I dag er det min amerikanske svigerson som har laga kake, litt i amerikansk stil med mykje glasur og pynt. Men kaka var aldeles nydelig.
Botnen er Toro sjokoladekake, men fyllet inni er typisk amerikansk. Mills Peanøttsmør blanda med smelta smør og melis. Det var veldig godt i sjokladekake!! Eit tjukt lag med glasur på toppen, perfect fudge sa han, og sirlig pynta med små kakepyntstjerner! Kaka var mektig så den overlever nok dagen her i huset! ( For vanlegvis er sjokoladekakene hos oss som trylla bort over natta, kun spor med smular på golvet viser vei til dei skuldige........ :) )

fredag 10. april 2009

Mias påskekake

I dag har eg kosa meg med årets påskekake til kaffien. Denne oppskrifta fann eg på ein blogg då eg var fersk blogger for to år sidan, og har laga den sidan den gong. Bloggen har eg også besøkt mange gongar etterpå, denne dama har gleda mange med sine fine og inspirerande innlegg. Og dama er sjølvsagt Mias Landliv! Ta eit besøk i bloggen hennar!

Oppskrifta la ho ut på bloggen sin 3.4 2007, du finn den her, men eg har også kopiert den inn på denne sida.

APPELSINKAKE:
3 egg
3 dl sukker
200 g smør eller margarin
4 dl hvetemel
2 ts bakepulver
2 ts revet appelsinskall
1 dl appelsinsaft

Smelt smøret og avkjøl det. Pisk tykk eggedosis av egg og sukker. Sikt sammen bakepulver og hvetemel, og rør det sammen med smør, appelsinskall og sppelsinsaft i eggedosisen. Hell deigen i en godt smurt kakeform (ca. 1 1/2 l). Stek kaken litt nede i ovnen ved ca. 200 grader i ca. 30 minutter. Hvelv den ferdigstekte kaken forsiktig ut av formen og avkjøl den deretter på rist. Ved servering drysses melis og litt revet appelsinskall over kaken.


Dette bildet er frå Mias blogg.

Tusen takk til Mia for denne gode oppskrifta, ønsker henne God Påske også!

fredag 13. mars 2009

Kveldsmeny!


Det er helg og då blir det tid til å lage noko ekstra godt til kvelds. Menyen i kveld vart heimelaga Risotto med diverse oppi.
Denne retten er enkel å lage, har ein berre litt ris så er det berre å putte oppi det ein finn i kjøleskap og på bod!

Innholdet i min risotto:
  • kokt middagsris
  • ein steikt rødløk
  • litt broccoli, steik i lag med løken
  • 1 boks mais, fres den litt på steikepanna
  • litt paprika, eg har brukt grøn
  • pølser i småbitar, steik på steikepanna
    Smak til med salt, pepar og ha på litt karry om du likar det!

Bland alt oppi ei stor panne, og så er risottoen klar. Server med loff eller rundstykker med Bremykt på! Mmmmm, no skal eg ete!

søndag 1. februar 2009

Merkelig tomat.....

I månadsskiftet januar/februar brukar eg å begynne å tenke på vår og såing av frø. Nokre plantar treng lang forkultivering inne, slik som td. tomat. Eg har hatt mine eigne tomatplantar enkelte år, men kvart år skriv eg i filofaxen min at eg må huske å så tomatar i slutten av januar. Har eg huska det i år då??? Vel...har huska å skrive det, men ikkje å gjere det....

...inntil eg plutselig gjorde det i går kveld,....heilt ufrivillig!

For i går kveld skulle eg lage til taco med diverse tilbehør, bla. med oppkutta tomat. i det eg skar over tomaten lurte eg på om den var rotna i midten, noko rart og grønt låg der. Eller var det larver? Eg turde nesten ikkje ta i den, pirka berre med kniven. Eg gjorde store auger då eg såg kva det var...... frøa inne i tomaten var begynt å spire, og dei var grøne inne i tomaten!!!

Denne tomaten hadde eg oppbevart på ei kald bod ei tid, trur den var av lageret som eg kjøpte inn rundt nyttår, men lagring av tomatar lenge brukar å gå fint. Men eg har aldri sett at dei er svanger med tomatbabyar!!!

Så eg pirka ut alle spirane og planta dei fint i ein juicekartong. Kanskje vert dette årets plantar om dei overlever stovevarmen min??

søndag 14. desember 2008

Julekakebakedagen


I dag har det vore den store julekakebakedagen. 3 sortar og that`s it! Peparkaker, Krumkaker og Julemenn. Desse sortane er slike som vi MÅ ha, og av erfaring er det lurt å ha akkurat desse, for dei blir oppetne ganske fort. Ja så fort at mor på passe på boksane, gje kommando om KUN 2 KAKER til prøvesmaking, for resten skal stå til julafta.
Jada,... eg veit at kakene smakar best før jul, men akkurat i år passar det ikkje å bake på nytt igjen viss boksane plutselig er tomme den 22. desember! Så her i huset er kakene freda frå no av!
Skjønar egentlig ikkje kvifor eg lagar peparkaker, i førjulsromantikken ,kan ein lese i alle blad, så samlar familien seg rundt bakebordet og ungane gleder seg over baking og smaking . Men her i huset,..... far snekrer ute i dag, og dei 2 yngste vil heller spele data enn å bake. Nestyngste lurte på om ikkje det var nok å lage peparkakedeig, for det er den som er best!!!! Men mor vil gjerne sjølv at peparkakebaking er ein del av juleforberedelsane, så då er det berre å sette i gang.

Ja,.... så står mor ensom på kjøkkenet og strevar med den alltid så gjenstridige deigen, merkelig at eg aldri får den til. Då blir det til at Juliann gjør ting hun ikke liker!! Og deigen likar sikkert ikkje meg heller. Henter den opp frå kalde kjelleren og baker i vei,... deigen er sikkert for kald, den sprekk når eg kjevler den, og kjevler eg fort så kan ein vere sikker på at det rullar seg fort opp ei stripe som heng fast på kjevlet. På med meir mjøl, løfter og kjevler og klarer etter kvart å få ut ei stor flate. Men kva skjer så??? Joda, figurane vil helst ligge på benken, dei klamrar seg fast når eg vil flytte på dei. Julegrisen misser eit bein, medan mannen får et ekstra langt et. Harepus løfter eg forsiktig i baken, med det resultat at eg avliver han ganske fort,.... slit desverre av hovudet. Og slik endrar figurane seg til rare men særprega julekaker. Heldigvis ikkje alle då, nokre blir perfekte mennesker og dyr, men inni er dei alle like. Rart når ein står slik og bakar åleine og filosoferer, desse kakene mine er akkurat slik som verden rundt en, nokre med særpreg og andre med eit fint ytre, men like er vi likevel!

Langt bedre gjekk det med JULEMANN-deigen, sikkert fordi eg likar den mykje betre. Denne deigen er smidigare, heng sammen og er elastisk. Ja den er så elastisk at eg måtte le då eg så ned på eit brett med 9 damer og ei stjerne. Det såg ut som det var ein livat jentekveld på dansegolvet, for dei rocka og vreid seg, ei stod på hovudet og ei anna slo hjul. Ei låg på sida og stjerna hadde ramla ned på golvet. Snakk om fest!

Tilbake til virkeligheten, for sånn går det når mor får stå åleine på kjøkkenet og bake, filosofere og studere alle desse figurane som no har fått husrom i kakeboksane mine og 1 veke ferie før dei store jafsa kjem og gjer slutt på dei!

Må så vidt nemne den 3. kakesorten, Krumkakene, der gjekk alt føre seg i rolige former, for då kokte mor middag samtidig!!

No er kakebakedagen for i år over, mor er fornøgd med å ha nådd dagens mål, og endelig kunne blogge litt! Høyrer gjerne om andre som filosoferer over deigen.........

PS, Juliann har storkosa seg med bakinga!!!!

onsdag 3. desember 2008

Tid for pepperkaker?

Eg har spandert på meg ei ny peparkakeform i år! Falt heilt for denne av plast med godt gummigrep (det brune) og med piggar som markerer auger, munn og knappar. Så no må eg snart til å finne fram oppskriftene mine, og sjølvsagt velge den beste!
Men har også søkt på tine.no
Der er det mange gode oppskrifter å velge mellom, så ei av desse har eg lagt ut på sida her. Kanskje det er denne eg skal prøve meg på i år??

Bilder frå Tine

Ein pepperkakeadventskalender,...langt ord og lang rekke med kaker!
Her er tine si oppskrift:

Ingredienser

250 gr TineSmør
125 gr lys sirup
1,5 dl TINE Kremfløte
250 gr melis
400 gr hvetemel
2 ts natron
2 ts malt nellik
0,5 ts ingefær
1 ts malt kanel
1 ts nykvernet pepper
100 gr finhakkede mandler
Melisglasur:
1 stk. eggehvite
200 gr melis


Slik gjør du
Pepperkakeformer. I stekeovnen ved 175 grader i ca. 10 minutter.

Bland smør, sirup,fløte og melis i en kjele. Varm opp til melisen er helt smeltet. Ta kjelen av platen og avkjøl blandingen noe.

Rør i siktet i krydder, bakepulver og det meste av melet. Rør alt sammen til en jevn deig. La deigen stå kaldt til neste dag.

Elt deigen i litt mel på bordet og kjevle den ca. 3 mm tykk. Stikk ut forskjellige figurkaker og stek dem gyllenbrune. Avkjøl kakene på rist.

Pynt eventuelt pepperkakene med melisglasur e.l.

Melisglasur:

Visp eggehviten lett. Visp inn litt melis av gangen til massen blir så fast at den danner myke topper. Juster evnt med mer melis enn 200g.

Sprøytepose får du kjøpt ferdig med ulike tuter med forskjellig størrelse på hullene. I mangel av dette, kan du lage kremmerhus av matpapir som du vikler rundt hånden til en kjegle. Klipp et lite hull i tuppen.

Bilder frå Tine