Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

måndag 5. juli 2010

Stokkrosa Nigra


Venter på sommaren og ventar på denne vakre stokkrosa NIGRA. Men det går tregt med begge, jammen bra det berre er starten av juli enno. Sommaren kjem nok......

tysdag 14. juli 2009

Rødt,søtt og smakfullt


Mmm, ein skikkelig sommardraum heng i hagen min, store raude moreller. Ikkje berre litt, men mykje, veldig mykje!!Så mykje at vi et oss mette fleire gongar for dag! Og det har vi holdt på med ei veke no!

Vi har 3 store tre, og heldigvis så modna bæra først på eitt av dei, og så kom dei 2 neste for fullt no til helga. Herlig å fråtse i mykje eigne bær, iallefall når prisen på butikk er rundt 60 kr kg! Og aldri før har vi hatt så mykje bær som i år!


Og eg fråtsar skikkelig, litt etter frukost, så litt ut over heile dagen og så avsluttar eg med å stå leeenge i stigen høgt oppe i trea og ete, spytte stein, ete litt til heilt til eg kjenner at no er det nok!

søndag 12. april 2009

Mårbacka

Min første pelargonia er begynt å blomstre, ein liten og tynn Mårbacka, men du verden så vakker den står. Sart og lys i fargane, berre heilt nydelig å studere!

Mine Tagetes er også godt i vekst, nokre har allereie danna ein liten knopp!! Dette er enkle plantar å få til, spirer fort og er lette å prikle om, anbefales!

søndag 1. februar 2009

Merkelig tomat.....

I månadsskiftet januar/februar brukar eg å begynne å tenke på vår og såing av frø. Nokre plantar treng lang forkultivering inne, slik som td. tomat. Eg har hatt mine eigne tomatplantar enkelte år, men kvart år skriv eg i filofaxen min at eg må huske å så tomatar i slutten av januar. Har eg huska det i år då??? Vel...har huska å skrive det, men ikkje å gjere det....

...inntil eg plutselig gjorde det i går kveld,....heilt ufrivillig!

For i går kveld skulle eg lage til taco med diverse tilbehør, bla. med oppkutta tomat. i det eg skar over tomaten lurte eg på om den var rotna i midten, noko rart og grønt låg der. Eller var det larver? Eg turde nesten ikkje ta i den, pirka berre med kniven. Eg gjorde store auger då eg såg kva det var...... frøa inne i tomaten var begynt å spire, og dei var grøne inne i tomaten!!!

Denne tomaten hadde eg oppbevart på ei kald bod ei tid, trur den var av lageret som eg kjøpte inn rundt nyttår, men lagring av tomatar lenge brukar å gå fint. Men eg har aldri sett at dei er svanger med tomatbabyar!!!

Så eg pirka ut alle spirane og planta dei fint i ein juicekartong. Kanskje vert dette årets plantar om dei overlever stovevarmen min??

laurdag 4. oktober 2008

Summerred!

I hagen min har eg 3 epletre av sorten Summerred. Det er dei beste norske epla eg veit om, og dei som ikkje har smakt dei, må gå i butikken no og kjøpe. For akkurat no er dei på sitt beste, for når dei er i overgangen mellom sure og søte, så er dei berre heilt nydelige. Epla mine er "halv-økologiske", for dei får kunstgjødsel kvar vår. Men dei er ikkje sprøytte så dei er vel så sunne som dei kan bli.

I år var avlen heilt fantastisk, store flotte raude eple, heilt uten makk, og berre nokre få med skurv på skalet. Og så mykje avling då,.... trur eg har plukka rundt 50 kg! Så her må det til MEIR ENN 5 OM DAGEN!!!


onsdag 1. oktober 2008

Sååå herlige dagar!!

Haust,.... då tenkjer eg på regn og storm her på Vestlandet, sure dagar og innever! Men kvar er dette veret blitt av då? Ikkje tegn til verken regn eller vind, sola varmar og fargane strålar i sin glødande skrud over alt!

Godt å kunne sitje på verandaen og nyte fineveret og ete eple av egen avl! Raude og flotte Summerred smakar fantastisk! Og Flittige Lise er fremdeles flittig, blomsten er som vakre roser!

Sjølv om verandaen fremdeles bugnar av blomstrande pelargonia, så måtte eg plusse på med ein haustplante også, Asters i lillafarge.


torsdag 28. august 2008

Jippi og UFF

"Ja takk begge deler", sa Ole Brumm, og det seier gjerne eg også, men det er kanskje litt umulig.
Det er veret eg tenkjer på. UFF det regnar på Vestlandet, og det er vi ikkje vant til denne sommaren,... og det har regna i snart 24 timar,... forferdelig vått ute, og det er mange uteting eg plutselig ikkje kan gjere. Ikkje kose meg med malearbeid ute, gå i hagen og nyte plommene leeenge under eitt av trea mine, smårydde litt og slenge meg i dekkstolen min med eit blad eller handarbeid.

Men JIPPI også, for no har Vårherre sett i nåde til min tørre hage, han har nok sett at mine potteplanter har fått godt stell, men mine stauder og busker var begynt å bli så skuffa over meg at dei begynte å henge med både blad og greiner. Så ein skikkelig dusj frå oven var nok på sin plass. Men saken er vel heller at vi treng ein flaum frå oven for å bløyte røtene på buskene mine,.... og det vil eg gjerne unngå.
No når det var begynt å bli koselig å sitte ute med tende lys på verandaen, og nyte varme seinsommarkveldar,...... plutselig frister det ikkje akkurat så mykje ,...... pledd og paraply og tende lys er vel ikkje akkurat det eg vil ha.



Så slik er det med oss bortskjemde Vestlendingar no, berre så vidt vi klarer 1 dag med regn. Men vi får vel begynne å øve oss sakte men sikkert på det kommande berømte Vestlandsveret.


Berre vi får litt til av sol først..........

laurdag 23. august 2008

Frukost i det GRØNNE

Å vakne opp til endå ein solrik morgen er berre heilt fantastisk. Heile denne veka har vore nydelig på Vestlandet, fine temperaturer og sol kvar dag (litt skyer har vi hatt innimellom).
Så kva er då meir passande enn å innta ein god og lang frukost på verandaen? Midt i solveggen, flotte blomsterfargar rundt meg og med min nye GREENGATE-kopp i handa!! Perfekt!


Omsider fekk eg tak i denne koppen, Live-in i sentrum i Ålesund har Greengate varer, og meir står i bestilling sa dama i butikken.

Frukosten smaka fortreffelig, gode skiver, frukostegg og kaffi i nyekoppen! Og sola skin på nokre av mine fine pelargoniaer.
Mårbacka og President (klematis)
Ønsker alle mine besøkande ein fin laurdag,.... og mange OL-Medaljer i dag!

søndag 17. august 2008

Nigra i morgensol

Må berre vise fram mine nydelige stokkroser, desse heiter NIGRA. Første gang eg såg desse pluss mange andre i flotte fargar, var på ein ferietur til Ystad i sør- Sverige. Eg berre falt heilt for desse og prøvde lenge å finne frø av dei. Omsider lykkast det, og i tillegg fekk eg ein plante frå ei venninne.
I fjor blomstra dei ikkje, så eg var veldig spent på om det var rette fargen. gjett om eg var kjempeglad då knoppane openberra seg og viste den svartraude blomsten.





Nydelig, ikkje sant???