
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
laurdag 17. april 2010
Vakre Lise!

søndag 7. februar 2010
Vårpust....



tysdag 16. juni 2009
Midtsommarblomster
Det er sommar på kalendaren, juni er godt i gang og Reiseradioen har starta. Eit sikkert tegn på at det nærmar seg midtsommar er alle dei vakre markblomstrane. Ikkje noko er så fint og sommarleg som ein samansett bukett av desse.



Men noko viktig manglar,........VARME! Under 10 gr kvar morgon og max 12-14 gr midt på dag! Nesten som ein varm dag i desember. Denne veka har eg ferie, ....og eg som hadde tenkt meg lange varme morgenstunder på frukostverandaen med Reiseradioen og litt quiltearbeid i solskinet.
søndag 2. mars 2008
50 ÅR!!!
Hurra for mine foreldre, 1. mars hadde dei vore gifte i 50 år! Gullbryllaup! Eg har vore i gullbryllaup ein gong før, då var det mine besteforeldre som feira dagen, eg tykte dei var veldig gamle då!!! Men som eg sa til mor mi i går, - "de virkar ikkje så gamle som besteforeldra mine var".
Mor mi var 21 år då ho gifta seg, og hadde dåtidas mote i brudebukettar.

Eg hadde planlagt at vi syskena skulle gje dei ein kopi av brudebuketten, og laurdag la eg i veg til blomsterbutikken for å få laga ein bukett. Etterkvart oppdaga eg at eg burde ha bestilt blomster på forhånd, slik at eg var sikker på å få det eg ville ha, for store rosa nellikar var ikkje råd å finne. Heller ikkje avskorne brudeslør! Så då er det bra eg er ein optimist som likar å vere kreativ og prøve sjølv.
Det enda med at eg kjøpte ein potteplante med brudeslør, den einaste som var til sals i kommunen!!
Rosa greinnellikar og litt grønt vart sett saman til ein foreløpig bukett, og så drog eg heim for å vere brudeblomster-dekoratør.






Mor mi var 21 år då ho gifta seg, og hadde dåtidas mote i brudebukettar.

Brudeslør med rosa nellikar.
Eg hadde planlagt at vi syskena skulle gje dei ein kopi av brudebuketten, og laurdag la eg i veg til blomsterbutikken for å få laga ein bukett. Etterkvart oppdaga eg at eg burde ha bestilt blomster på forhånd, slik at eg var sikker på å få det eg ville ha, for store rosa nellikar var ikkje råd å finne. Heller ikkje avskorne brudeslør! Så då er det bra eg er ein optimist som likar å vere kreativ og prøve sjølv.
Det enda med at eg kjøpte ein potteplante med brudeslør, den einaste som var til sals i kommunen!!



Kjøpte med meg ei nydelig grårosa silkesløyfe, eit gullhjerte av streng og fin cellofanplast til bukettar.
Litt spent var eg på kor dette ville gå, ikkje kvar månad eg har ferske blomster å lage bukettar av!
Og slik vart den ferdige buketten!









Abonner på:
Innlegg (Atom)