Viser innlegg med etiketten amerika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten amerika. Vis alle innlegg

onsdag 14. november 2007

Time for America!!


Den amerikanske steminga i heimen er stigande!!!! Årsak??? Om 9 dagar kjem dattera mi heimatt frå den laaange ferien sin, ho reiste 9. aug med bil og bagasje til New York og har køyrt tvers over heile kontinentet!! Og har bokstavleg talt stranda på ei strand i California!! Nærare bestemt Venice Beach i Los Angeles. Der har klimaet vore fortreffeleg,...... og ein kar!!!! Sånn er skjebnen, noko som mor har frykta heile tida frå ho for!! Men får seie som ein Disney-figur: "OH, how romantic!!!"
Skal nok ta han i augesyn, for ei veke ut i desember landar han i Norge og blir både julegjest, turist og kavaler!! Så i år må eg lære meg litt om amerikansk jul, og han om norsk!! Spennande tider dette!
Her er bloggadressa til dattera mi, med reisebrev og opplevingar på turen!

I denne samanhengen må eg få vise den Amerikanske kakeboksen som eg fekk av henne i fjor til jul. Ho var på reise den hausten òg, og avslutta med juleshopping i New York. Eitt av ynskja mine var ein fin kakeboks, og det fekk eg virkelig. Fyllt med gode kaker var den òg!

For nokre år sidan fekk ei venninne av meg ein slik nydelig hekla bamse som julehelsing frå Amerika. Eg falt heilt for denne yndige karen, og året etterpå fekk eg låne den og hekla ein same sort. Har hatt nokre som pynt i juletreet mitt, og nokre har eg gitt bort som små julepresangar til både små og store.

No har eg hekla nokre nye, så dei som er interesserte i ein slik, kan finne dei i Julianns Bu!!