Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg

måndag 23. juni 2008

Mikkel Rev was here!!!!


Hjelp! No er naturen begynt å bli vel nærgåande her hos meg! I går kveld sat eg fredelig i stova og såg på tv, og plutselig var det et brak på verandaen min. Juliann spratt selvfølgelig opp for å sjå,... og trudde ikkje sine egne auger. Ein vaskeekte rev stod på plenen rett innanfor verandaen min, men sprang då eg let opp verandadøra. (skal tru om den nye landbruksministeren vil bli kvitt rovdyr på verandaer også??)

Eg skulle selvfølgelig hatt kameraet i handa der og då for å bevise for resten av familen kva eg hadde sett! Reven var vips borte, men spora ved kattematen var tydelige, så dei får holde som bevis.

Dette vart så spennande at eg heiv meg i skoa for å sjå om vinduet til mi einaste gjenlevande høne var igjen,- det var det og høna lever! Men i det eg gjekk bak løa vår for å sjå om Mikkel sat på lur der, ja då såg eg 2 hjortar som gjekk og beita på ei nyspirt eng,.... makan til dyreliv denne lyse kvelden!

fredag 20. juni 2008

Tuppeline

Mi kjære TUPPELINE


Mi kjære Tuppeline døde i går og er blitt begravd på garden vår. Ei gammal snill dame som har vore ein spesiell venn i mange år. Høner er ikkje dumme har eg erfart og høner likar famileliv.
Tuppeline vart sikkert minst 6 år, eg er komen ut av telling, men vi har hatt henne lenge. Vi hadde 2 slike Cocin-høner, men den eine døde for 3-4 år sidan. Cockin arten er ein ekstra stor sort , er tung og veldig lite flyvedyktig. Men ho har vore hagehøna mi i alle år, joggar vraltande bort til oss når vi et, grillar og når eg ropa på henne. Og ho har holdt seg i hagen ved huset og løa heile tida. Ein gong for ho inn til naboen, men det var fordi mannen min stod der og prata!

Ho kosa seg med godbitar frå handa mi. Tuppeline la store brune egg i sin ungdom, men no er det lenge sidan siste egg! Men eg har beholdt henne likevel, for eg tenkjer ofte på at dei som td. har hund,..... dei forar og passar på dei òg, men får heller ikkje egg!!
Eg må nok ha meg ei ny Tuppeline snart, for dette er ein utruleg rolig og godlynt rase.
Her er Tuppeline i lag med den einaste høna eg har att no, ei Islandshøne. Dei har nok fått prata litt ut sine nifse opplevingar den siste tida. For tidleg i mai hadde dei besøk av Mikkel Rev, han tok hanefar og ei brun høne ei natt vinduet stod ope, og ein kan berre tenkje seg marerittet til desse to hønene som overlevde.

Skal bestille meg verpehøner ut på seinsommaren, så då skal eg nok fråtse i egg igjen håpar eg.
Klukk klukk, høyrer gjerne trøsteord frå andre Hønemødre.

søndag 2. mars 2008

Løvepuddelen Loddy!


Denne pusen han nok fleire sett før, Loddy, vår kosete ungkarspus som tek livet med stor ro, elskar mat og kos og driv dank.

Og han ser etter damer både lenge og vel, han har vore på rek eit par periodar. Sist var han vekke i 3 veker, og då han kom tilbake var han pjuskete og fæl. Har har nok dreve eit fælt uteliv, for pelsen var full av flokar og klumpar som var kompakte heilt inn til skinnet. Så og seie umogleg å klippe utan å vere redd for å lage hol i skinnet hans.


Løysinga vart dyrlegen! Og han gjekk grundig til verks med frisørredskapen som de ser. Renska vekk pelsen der det var klumpar, så han enda med Løve-frisyre, eller Puddel-sveis, kanskje andre kattar rundt om her er imponerte over denne flotte Vår-moten som Loddy har fått!




Katten vart dopa under klippinga, så då tok vi like godt og fekk han kastrert samtidig. Så kanskje er det slutt på turar i nabolaget no??

Stakkars pusen, kanskje burde eg strikke han ei puddel-kåpe??

onsdag 6. februar 2008

Nokon som har det......... avslappandes!!


Dette er den store skilnaden på dyre og menneskeverda!! Herved bevist!

Nokon som har sakna innlegg her i det siste???? Ja, eg har ihvertfall ikkje hatt det så avslappandes som denne karen her. Ein skikkelig livsnyter! Tenk å være katt dåkke! Få herlig mat servert, komme inn og varme seg når det trengs og sove så lenge en vil! Og når ein er våken, då er det berre å fine seg inn med nærmaste menneske, for då blir det kos, klapp, litt massasje og så litt mat til slutt då.


Ingen store forpliktelsar for denne her nei! Ingen oppvask, ingen klevask, ingen klehaugar som hopar seg opp, ingen innkjøp, ingen ting som må ryddast, kan drive uteliv når det passar! He he, dette høyrest jammen ut som ein skikkelig snobbete ungkar!!!
Men denne pusen er også ungkar, ........reknar med at alle herrepusar er ungkarar livet ut???


Kort oppsummert er det stor skilnad på meg og pusen, men ein fordel har eg som han ikkje har: Eg kan blogge når eg får litt tid! Hurra for meg! Eg manglar ikkje innleggstema og bilder, berre ledig tid til å få ned på nokre bokstavar i ny og ne!

søndag 30. september 2007

Ny heading

Prøver meg med ny heading igjen, syns sesongen for pelargoniane ute er på hell no, så no valde eg å bytte dei ut med eit nytt bilde.



Eg har vel ikkje sagt det før, men er veldig glad i BLÅ fargar. Så etter å ha sett ein del på den flotte fargen eg fekk på "kleklype-bilda" som eg tok i går, så måtte eg berre bruke dei bilda på headingen. Er ikkje heilt fornøgd med størrelsen endå, får pusse meir på den seinare ein gong.



Skulle vel helst hatt ein blå perser her i huset då, men eg får klare meg med den freidige LODDI!