Vakker som ei rose kan vere, berre til å nyte!!! Er det rart eg likar PELARGONIA???? Ja for dette er eit nærbilde av ein pelargonia som held på å sprette ut, og den er som den nydelegaste rose!
Og dei andre knoppane er like bedårande!
Mårbacka
Holmøn
Holmøn
Langeland
Å vakne opp til endå ein solrik morgen er berre heilt fantastisk. Heile denne veka har vore nydelig på Vestlandet, fine temperaturer og sol kvar dag (litt skyer har vi hatt innimellom).
Omsider fekk eg tak i denne koppen, Live-in i sentrum i Ålesund har Greengate varer, og meir står i bestilling sa dama i butikken.
Frukosten smaka fortreffelig, gode skiver, frukostegg og kaffi i nyekoppen!
Og sola skin på nokre av mine fine pelargoniaer.
Mårbacka og President (klematis)
Ønsker alle mine besøkande ein fin laurdag,.... og mange OL-Medaljer i dag!Eg har laga ein video av nokre av mine pelargoniar i programmet "Photostory". Har pusla litt med dette no i ettermiddagfordi eg sit og repeterer pensum. Har lagt inn Madonna "Like a virgin" som bakgrunnsmusikk.
Eg går på eit studie i IKT, og om akkurat ei veke så er det eksamen! Måtte prøve meg litt fram med korleis ein lastar opp denne filtypen, noko som gjekk greit. (Har lagt ut same videoen på Pella-bloggen min også)


Det er fine dagar no for to "fine" damer,- eg og Dronning Ingrid! Sola skin på oss på verandaen, vi kjenner varmen langt inn i sjela, og nyt det gode vårveret.
Eg går på ei vidareutdanning ved Høgskulen i Sogndal som heiter IKT i pedagogisk arbeid med barn, eit lærerikt og nyttig studie synest eg.
Eksamen er om vel ein månad, så det er litt lurt å ha lest alt pensum, både det lettleste og det som er litt verre!
Veret, kaffien og sola gjer sitt til at det er berre koselig å ha seg ei lesestund i bøkene.










Klokka er berre litt over 17, men det er allereie begynt å bli skymt i krokane inne, og då er eg rask til å tenne lys der eg er. Denne lanterna har stått ute på verandaen i sommar, men eg må seie den har nesten ikkje vore brukt. Eg som drøymde om dei mange lune mørke augustkveldane ute på verandaen under heklateppet mitt, det vart det få av. Men eg huskar iallfal ein! Då sat eg ute, heilt mørkt, med rødvin på bordet og fin musikk på . ÅÅÅ, tenk om det snart kom fleire slike! Men inntil vidare så får det bli nær ovnen, under lanterna!!
Er begynt å ta inn nokre av pelargoniane mine, nokre store er havna i garasjen der det er isolert, men dei mindre og dei eg syns er ekstra verdifulle, prøver eg å få plass til inne. Nokre har fått vindusplass, nokre vert berre plassert inn om natta når eg er redd for kulde.
Veldig flotte blad synest eg, men blomsten prøver òg å sjarmere det han kan med sin flotte rosafarge.
