Ein frisk morgentur i minus 5 gr og klar himmel i aust. Eg driv framleis med mine raske morgonturar, full speed oppover, korte pausar for å få att pusten og så i farta att. Herlig å "ta seg ut" og kjenne at formen er der. Har som oftast radio på øyret og får med meg mykje fin musikk.
Og premien min er utsikten når eg når utsiktspunktet mitt. I dag gjekk eg tidleg og fekk med meg mykje fin musikk frå eit morgonkåseri. Og akkurat då eg kom fram på utsikten i dag og sola titta akkurat opp bak fjellet i aust, starta radioen min å spele "Jag ger deg min morgon" med Fred Åkerstrøm. Berre nydelig!
Så her er musikken til dei som vil høyre. (ps musikken er finare enn mannen,....he he)
http://www.youtube.com/watch?v=Ew7D7r_9udM
Denne helga har eg vandra mellom årstidene på mange måtar. Heime har eg vore med på eit Julemysterie i 
Flotte fargespel på slike haustdagar (når det endelig sluttar å regne), og med dei kvite toppane som kulisser, så kjem fargane endå betre fram. Dette er utsikt frå punktet der eg har min daglege tur til, uansett ver!
Når ein går tidleg om morgonen, så ligg rimfrosten i buskene, ...og gjer dei berre endå vakrare!
....og der var lite folk å sjå, berre eg og harepus var visst på desse traktene. Synd! For her var aldeles vakkert, nesten så ein kunne ønske at dette var påskesnøen og at sommaren var i vente......






I går laurdag, var eg på denne flotte turen i bygda mi. Dette er utsikt over staden der eg bur, med fjordbyen Nordfjordeid lengst inne i botnen.


Her ser ein mot sør og Ålfotbreen og med fjellet Gjegnen som er ca 1500 m høgt. Den vesle prikken nede på fjorden er ferja!!
Ein fantastisk flott morgen, gnistrande blå himmel og kald lett nysnø på trea. Dette var den nydelige søndagen som vi hadde her i Nordfjord i går. Men det varte ikkje lenge då sola tok til å varme. Sommartida var begynt denne morgonen, og då vil nok sola kvitte seg med mest mulig vinter........., så det dala ned store snøklumpar på oss der vi gjekk oppover på skogsvegen.
Men sommartid til tross, slike vakre vinterbilder over naturen i Nordfjord er berre til å gle seg over!
I bygda nedanfor her bur eg, fint plassert på solsida i Nordfjord! Dette er utsikt frå Sethaugen, det mest populære turmålet i bygda!
Men denne dagen gjekk turen vidare oppover, eit lag med nysnø låg oppå skaren, men fint å gå likevel.
På veg oppover, målet er den bakerste toppen, Storevarden.


Perfekt forfrisking i det flotte veret!
After sying ein del i helga, så måtte eg nytte høvet i dag til ein tidleg fjelltur. Veret låg og "vippa" mellom fint og tilskying, så eg var usikker då eg la i veg i halvni-tida i dag tidleg. Pakka trugene mine i sekken og fann ut at dette måtte eg bestemme når eg kom lenger opp. Litt usikker gjekk eg oppover i snøen, skodde hang i åsane rundt, men etter ei stund fekk eg sikt til dagens mål, Storevarden på ca 680 moh. Toppen låg kvit og flott og bada i sol! Klart eg gjekk vidare då!



Dagen som starta tåkete har no enda opp i glitrande sol, blå himmel og skikkelig med vårstemning. Og med temperatur godt over 10 grader så merkar ein at no er vinteren snart på hell. Sola varmar skikkelig godt!


.......ja då sola skein på 










