Viser innlegg med etiketten quilting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten quilting. Vis alle innlegg

fredag 22. januar 2010

Quilteblogg

Dei som er ofte innom bloggen min for å sjå etter innlegg om quilting, må heretter klikke på min nye blogg Oline. Eg har valt å sortere ut denne hobbyen min til ein egen blogg, og håpar at Julianns Tid vil være ein litt ryddigare blogg.
Her vil eg fortsetje med mest interiør, men også litt av andre ting som natur og strikking/hekling.

Ønsker då mine quiltevenner velkommen på besøk hos Oline!

laurdag 10. oktober 2009

Klart til montering!!

No er alt klart til montering,...... men skal tru korleis??? SLIK???
Eller SLIK???
Håper Nina står opp tidleg i morgon så vi får løysinga! Eg er oppe rundt kl 6 kvar morgen, så då blir det å sjekke på pcen i morgon om Nina er våken!!
Ventar i spenning!

Stitchery ferdig!


Er ein tidleg oppe, så får ein gjort ein del!! Heilt stille i huset ,...... då er det berre kos å sitje med stitcheryet. Gjorde det ferdig mellom kl. 7 og 8, og her er det ferdige resultatet!

fredag 9. oktober 2009

Julemysteriet frå 9na


Juliann er i siget enno, om ikkje av dei først ferdige, så er eg iallefall nesten i gang med sticheryet.
Søkte litt på Google etter motiv, og då dukka dette plutselig opp, 2 søte julemus som eg falt for. Eg har tenkt å sy med Lenes Silketrå, har ikkje prøvd den til stichery før, så eg får prøve og sjå om eg vert fornøgd med resultatet.

onsdag 7. oktober 2009

Julemysterie!

Julemysteriet,...... ei quiltegåte laga av Nina. Tok utfordringa i bloggen hennar, så får tida vise kor mykje eg får gjort. I kveld har eg iallefall leita fram litt som eg kan bruke, trur eg.......


....og kanskje kan dette til slutt bli noko fint til jul??? Eller ei julegåve??? Er spent på kva morgendagen bringer av info!

måndag 28. september 2009

Ooops! "Se hon rør sej!!!"


Og ja, hon er tillbaks från Sverige!! Og det har Juliann vore lenge, berre så det er sagt, ho har ikkje blitt sitjande på den fine stranda som er på bildet på forige innlegg som var i august!!

I det siste har ikkje Julianns tid strekt til alt som skal gjerast, og ting har stått i kø for å bli gjort. Då er det at ein må prioritere hardt, kva er viktigast og nest viktigast i travle tider. Når ein travel jobb som pedagogisk leder i barnehage krev mykje både i jobben og til planlegging etter jobben (myyykje arbeid i starten av nytt barnehageår!!), så er det viktig å ta vare på seg sjølv. Det har eg heldigvis klart å prioritere. Og såleis har bloggen min komt langt bak i rekkja!
Juliann har gått time etter time på skogs- og fjellturar siste månadane, 3-5 t pr dag fram til no midt i september, då gjer lyset sitt til at denne tida blir redusert til rundt 2 timar. Men dette er herlige turar der eg både får høyre radio, tenke og planlegge jobb!!
Men Juliann har også fått gå på 2 kurs i quilting den siste månaden! 2 herlige kurs der eg har fått sydd og leika meg med fargar og teknikkar. Dette er medisin for sjela, men også svært sosialt å være i lag med andre likesinna.
Denne helga var eg på kurs med Patricia Iden, eit kurs arrangert av Lappestua for kundane hennar som har kjøpt Janome-maskiner, spesielt modell 6600. Og denne helga lærte vi at det er ei fantastisk maskin vi har kjøpt, med nydelige saumar og utallige muligheter! Og Patricia er ei utruleg flink og tålmodig dame. Ho la heile si sjel i at vi skulle forstå, lære og få til. Ho må berre opplevast!
Vi sydde eit cover til symaskina, der mesteparten av helga gjekk med til detaljert sying av dekor på lommene. Stichery, applikasjon og bruk /innstilling av mange saumar.Dette er Patricia sin kursmodell, trekk til maskina og eit underlag.
Og det mangla ikkje på gode tips, berre det å notere innstillingar av maskina på prøvelappen var nytt for meg. Så lurt!! Då kan ein hente fram den og sjå kva innstilling som gav finaste saum.

fredag 17. april 2009

My treasure!


Photo: From a "Street quilt exhibition" in our village.

This big quilt is made by me and quilters in USA. It is a Round Robin project, and members of our quiltclub and quilters in USA took part in the project, a project with the name "Women stiching the world together".
I have finished and quilted it by hand. After finishing the quilt was sent back to USA, for a big quilt exhibition in Houston, Texas.
Later the quilt was picked to be in a quiltbook, and I sent it back to USA for photography. Now the quilt is only mine and I love to see the lovely work made by the quilters in USA. They are really clever!!


Dette store teppet til høgre i bildet er min skatt, laga av meg og mange quiltedamer i USA.

Teppet er eit Round Robin prosjekt mellom ma. medlemmer frå klubben vår og quiltere i USA. Prosjektet var med i "Women stiching the world together", og då teppet var ferdig montert og quilta av meg vart det sendt til ei stor utstilling i Houston, Texas.
Seinare vart dette teppet også plukka ut til å vere med i ei bok, og det vart sendt tilbake til USA for fotografering.
No er teppet mitt private eige og eg nyt det flotte arbeidet som vart gjort av damene i USA, dei er berre utruleg flinke og nøyaktige i jobben sin!

Med dette teppet er eg med i Bloggers Quilt festival 2009 som starta i dag.

Quilt festival!

Den første Online quilt-festivalen er i gang! Så lurt! Då treng vi ikkje reise av garde, men kose oss heime med mange flotte quiltebilder på pcen! Det einaste vi vil sakne er vel festivallyden og muligheten til å shoppe over evne! Men det er penger å spare då....... til neste anledning byr seg!

Denne festivalen er arrangert av Amy i USA, med bloggen Park City girl
og den som vil kan delta! Gå inn på bloggen og finn ut korleis du melder deg på.

måndag 23. mars 2009

Pinneposer!

Denne helga har eg virkelig fått sydd noko og blitt ferdig med det også. Eg har lenge tenkt på å lage meg nokre snertne posar til å ha rundpinnane mine i, og no har eg endelig fått laga meg nokre. Nokre ja,.... det var så kjekt å sy at det vart mange, meir enn eg har bruk for, så eg trur nok at nokre av desse vil eg legge ut for salg i Julianns Bu!
Posane er egentlig i ein god Universalstørrelse! For om ein ikkje strikkar og har pinnar å ha i, så er dei akkurat passe til å ha td. bind o.l. i, då ligg dei ikkje og sleng i veska og ramlar ut når det ikkje passar!



Denne er sydd i kraftig "fluktstolstoff"

Denne er sydd i linstoff.

Applikert Laurel Burch katt.
Denne er sydd i eit tjukt bomullsstoff med innfelt quilta balistoff.


Så dei som ønsker seg ein slik pose må følge med i Bua mi, eller kontakte meg på mail. Eg kan sikkert lage andre modellar også om du har eit spesielt ønske! Størrelsen på dei ferdig er ca. 14 x 16,5 cm.

tysdag 13. januar 2009

I overmorgon????

Eg meiner å ha lest ein stad at den 15. kjem den nye Tilda-boka ut, Tildas Landsted. Ser ut til å være ei sommarleg bok med nye og artige figurar. Bildet har eg lånt frå Jordbærstedet som har lagt ut dette og fleire bilder.
Forlaget si omtale av boka:
Forlagets omtale:Drømmen om stedet på landet kan leve videre ved å titte inn i Tildas landsted! Her vil du finne noe for en hver smak. Inspirasjon hentet fra stranden med sydde konkyler og strandslott. Et bord dekket til selskap med sydd muffins, ku med englevinger, dukke med kjole inspirert av Jane Austin. I boken får du mønster til to dukkevenninner. Du møter dem sammen og alene, på kjøkkenet, som husets prinsesser i budoaret, og i 1800-tallsinspirerte badedrakter. Lekefest med skogens dyr, alle får du mønster på. Oppbevaringsbokser og kurver sydd i stoff eller trukket med papir, og et fugleskremsel sydd i stoff som har fått sin sentrale plass i hagen. Dette og mye mer får du her. Alt er godt beskrevet og illustrert av Tone Finnanger. Velkommen inn! Levert av © DnBB AS

måndag 22. desember 2008

Ferdig toalettveske

No er toalettveska som eg skreiv om 20.12, ferdig! Skal kun setje på ei lita snor med nokre matchande perler på glidelåsen. Modellen var grei å sy, og den vart kompakt og fin. Håper tanta blir like fornøgd som eg!


laurdag 20. desember 2008

Innspurt og avslapping

No er det siste innspurt her ved symaskina mi! Under nåla her ligg ein komande sminkepung som ei tante skal få. Mønsteret er henta frå boka under. Eg har ikkje sydd så mange slike sminkepungar før, men denne teknikken som er forklart her er enkel, så det blir nok sydd fleire slike med tida.
Men eg kan ikkje sy heile tida, litt avslapping med strikkepinnane trengs innimellom. No held eg på med hanskar strikka av Fabel, eit veldig godt garn å strikke av, og spennande med fargevariasjonane som oppstår!! Det vart til og med ring på ringfingeren!!

Mønsteret har eg henta gratis frå Drops design.

fredag 19. desember 2008

Svart juleløper

No er 2 julepresanger til ferdige, så eg ser i enden,..... berre 1 igjen å lage! Skal gi bort desse svarte løparane, litt fargeavbrekk oppi alt der raude, og det vil også framheve både raudt og kvitt!
Motivstoffet er i bomull, på sidene har eg svart lin. Eg har quilta både striper og svingar på løparen før eg kanta med blanke satengband. Håpar at dei som får dei likar den svarte vrien min!!

torsdag 4. desember 2008

Julegåve

No er kaffiposane som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg, ferdige! Oppi her er det plass til 4 poser kaffi, skal gje dei bort i julegåve til nokre tanter. Håper desse tantene ikkje les bloggen min då,....men ingen navn nevnt!! Vent og sjå får eg vel seie i så fall...

tysdag 25. november 2008

Julegåveproduksjon!


No har Juliann endelig fått tid til å starte julegåvefabrikken sin! Eg har i alle år laga mange julegåver av trå og tekstil, og har gleda mange kjære venner og slektningar. Av og til lurer eg på kvifor eg ikkje heller tek meg ei rask ettermiddagsrunde på ein av våre mange kjedebutikkar og blir ferdig med alle gåvene i ein fei.
Men slik er eg ikkje, eg likar å gi bort noko med personleg preg, meint til den som skal motta ein spesiell ting. Og eg veit at dei set pris på det dei får også,.... så om eg tok og skeia ut med berre "kjøpegåver", så hadde dei nok blitt veldig skuffa, (trur eg iallefall då!!)
No held eg på med å sy brødkorger og kaffiposar. Dei skal få etikett på seinare, skal legge ut nye bilder når dei er heilt ferdige.

måndag 13. oktober 2008

Handlenett


I desse tider med fokus på miljø, så er det blitt IN å sy handlenett,.....som varer og varer og varer! Og som også er litt fine å sjå på og ikkje minst behagelige å ha med seg.


Nettet som eg har sydd er kombinert hand- og maskinsaum. Lomma er handsydd i Japansk bretteteknikk, og glidelåsen er resirkulert! Den var tidlegare på ein ryggsekk som no er kasta.

Sjølve nettet er i lin og det er stort nok til minst 3 l melk og litt anna matvarer som ein treng til vanleg.

tysdag 9. september 2008

Quiltekurs

Sist helg, i aldeles strålande solskin,..... så var eg på 2-dagers quiltekurs,.... innendørs!!! Det høyrest fælt ut kanskje, men det var kjempekjekt! Kurset var engasjerande og sidan vi har hatt så mykje flott ver i det siste, så gjorde det ingenting å være litt inne også.Kurset heitte "Dobbelsidig weekend" og var ved Hilde F. Neset frå Stord.
Det var ein kjekk teknikk, for her laga vi vendbare lappar som kunne brukast både til tepper og løparar. Eg valde å lage julefargar på den eine sida og nøytral beige på den andre sida. Eg skal lage 3 like ruter av det som er på bildet slik at det vert ein løpar. Ein annan teknikk som også var dobbelsidig prøvde eg også. Denne var rask å lage til, lappane vart rundt 20 cm i kvadrat og skal quiltast først og deretter syast saman kant i kant.

torsdag 14. august 2008

"Summer at mom`s"

Her er fortsettelsen av sommarteppet som eg er begynt på. No er alle 35 blokkene til midten ferdige, så no gjenstår stryking, tilskjæring og sammensying før eg kan begynne på neste etappe.

Mønsteret til teppet "Summer at mom`s" fann eg i augustutgåva av McCall`s Quilting.

Dette bladet og 3 til fekk eg av dattera mi då ho kom heim frå Usa-ferien sin no i juli. I eit tidlegare innlegg skreiv eg at eg har liggande 2 blad på vent, har ikkje bladd i dei enno. Når eg kikka etter så har eg faktisk 3 blad!!! Tenk å gløyme kor mange fristelsar som ligg og ventar, mange har lurt på korleis eg kan la være å sjå i dei, men det går fint, iallfall hittil :)

Her er dei 3 fristelsane!!

tysdag 12. august 2008

Ein ny bloggar!

Ynskjer velkommen til ein rykande fersk bloggar, Halling Jenta! Ho kom på lufta med sitt første innlegg i går kveld, og er ma. ein ivrig quiltar.


Det kjem nok mange fine innlegg her etterkvart.


Dette teppet var Halling Jenta så heldig å vinne no i vår. Då arrangerte quilteklubben vår NLQ Regionstreff der bla. dette teppet vart lodda ut. Det er Dear Jane-blokker som er sydde av alle medlemmane våre på dugnad sist vinter. Kjempefint teppe og kjempeheldig jente!! Så dette er nok til pryd ein stad i heimen hennar. Kanskje får vi sjå kvar ho har det???? (hint hint)