Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

laurdag 17. november 2007

Mine mange julebøker




Eg er veldig glad i bøker av alle slag, og no før jul er det så mange koselige bøker å sjå i.
Her er dei som eg kikar litt i no før jul, ikkjemykje tid til å sitje og kose seg med dei akkurat, men det er kjekt å sjå at dei ligg der og ventar på deg òg!
Tildas Julehus har eg nesten ikkje blada i, håper eg har noko godt i vente. Det same med Julealfabetet, men den har eg tenkt å kose meg med skikkelig når jula er begynt. Kan ikkje lage alt eg ser likevel, er det betre å nyte stemninga i bøkene.



Denne boka er artig, har hatt den i fleire år og ser alltid noko nytt å lage der. Både maling og stoff er brukt her.






Boka "Hvid jul" vart eg så frista av i mange bloggar, oppdaga fort at den var umulig å kjøpt, så den har eg lånt på biblioteket. Ei kjempefin bok, så denne vil eg kjøpe når eg ein gong finn den i butikk eller på nettet.

Koselige småprosjekt i papir.


Kort

Rosepynt på greiner.



Juletid har eg også eigd i fleire år, tek den fram kvart år, ser og kosar meg meir den enn eg lagar noko. Ei allsidig bok med pynt, mat mm.







Litt dyrepynt også.....