måndag 5. juli 2010

Stokkrosa Nigra


Venter på sommaren og ventar på denne vakre stokkrosa NIGRA. Men det går tregt med begge, jammen bra det berre er starten av juli enno. Sommaren kjem nok......

søndag 25. april 2010

Fiskewok

Fiskewok:

Du treng :
Wokpanne, olivenolje eller annan olje, steikespade

2 kg potet, 0,5 kg gulrot, kutt i bitar og ha først i woken i lag med olje.
1 squash, 1 broccoli, 5-6 sopp, 2-3 paprika, 2 løk, 4 tomatar, 0,5 kg seifilet. Kutt i små bitar og ha i woken når potet og gulrot er litt møre.
Slå over 1/3 l matfløte og smak til med sitronpepper, salt og evt. anna krydder

laurdag 17. april 2010

Vakre Lise!

Mi vakre venninne Lise er no komen i blomst igjen. Ho har streva seg gjennom ein mørk og kald vinter og håpa på å få nok omsorg til å blomstre på nytt. Og no har ho klart det! Med 3 blomster og mange knoppar står ho i vindaugskarmen og nyt den lysare årstida. Velkommen tilbake Flittige Lise!

søndag 21. februar 2010

Dagens bakst!


I dag har eg laga gode duftande grove Anisbrød. Dei er kjempegode med berre smør på, men også med brun ost. Har laga desse tidlegare, oppskrifta finn du HER.

laurdag 20. februar 2010

...og så er OL-bollane klare!

I dag har eg baka OL-snadder,...gode kanelsnurrar. Bilder og oppskrift på desse såg eg i bloggen til Anne Grethe, og dei såg så fristande ut at eg måtte spørje etter oppskrift og teknikk. Det var visst fleire som hadde gjort det, for no har ho laga eit kjempeflott innlegg. Tusen takk til deg Anne Grethe!! Dei smaka kjempegodt!


Oppskrift og framgangsmåte finn du HER, men eg legg likevel ut grunnoppskrifta til Anne Grethe:

OL-boller Ca. 30 stykker.
150 g margarin
1/2 liter lettmelk
50 g gjær
1 dl sukker
1/2 ts salt
1-2 ts kardemomme
850 g hvetemel

Fyll:
4 matskjeer myk margarin
4 matskjeer sukker
1 ts kanel

Pensling:
1 egg (piskes med gaffel)
perlesukker eller hakkede mandler

Steking:
250 grader, midt i ovnen i ca.10 min.

Eg laga dobbel porsjon, så det vart 4 brett med deilig bakst! Og ingen skal i frysen, for desse går nok ned på høgkant!!

søndag 14. februar 2010

Min morgen.....

Morgonstemning,...... soloppgang kl 08.40 på Sethaugen.

Ein frisk morgentur i minus 5 gr og klar himmel i aust. Eg driv framleis med mine raske morgonturar, full speed oppover, korte pausar for å få att pusten og så i farta att. Herlig å "ta seg ut" og kjenne at formen er der. Har som oftast radio på øyret og får med meg mykje fin musikk.

Og premien min er utsikten når eg når utsiktspunktet mitt. I dag gjekk eg tidleg og fekk med meg mykje fin musikk frå eit morgonkåseri. Og akkurat då eg kom fram på utsikten i dag og sola titta akkurat opp bak fjellet i aust, starta radioen min å spele "Jag ger deg min morgon" med Fred Åkerstrøm. Berre nydelig!

Så her er musikken til dei som vil høyre. (ps musikken er finare enn mannen,....he he)


http://www.youtube.com/watch?v=Ew7D7r_9udM

søndag 7. februar 2010

Vårpust....

No når snøen har lege her heilt sidan før jul med sitt kvite lag over alt, så er det herlig å sjå alle desse vårfargane. Eit knalltilbod hos Plantasjen med Primula til kr 13 pr stk gjorde at eg kunne tillate meg å gå litt amok. Omtrent som eit barn i ein godtebutikk på svenskegrensa!
Men med morsdagar i sikte så fann eg ut at eg kunne kjøpe så eg hadde å gi bort. Fann svarte avlange potter med plass til to potter, så dette skal bli presangar som eg skal overlevere snart. Om eg ikkje ventar til "rette" dagen, så syns eg det ikkje gjer noko, for ei mor treng no all ære ho kan få uansett dag! Og aller helst kvar dag!








laurdag 30. januar 2010

Allsidige pitabrød

I kveld har eg laga grove pitabrød. Vel,..... det skulle berre bli vanlige grove, men underveis i bakinga kom eg på at eg kunne lage små foccacia av nokre. Dei fekk heve litt før eg hadde på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt. Dei vart fine og fristande, heile 35 stk av pitabrød og foccacia vart det!! Og smaken var perfekt!!
Oppskrifta vart også til undervegs, omtrent slik er den:

UNIVERSALOPPSKRIFT

1 l lunka lettmelk

1 pk gjær

2 ts salt

3 ts sukker

1 ts bakepulver

0,5 dl rapsolje

mjøl til passelig fast deig ( eg hadde i ca 2 dl sammalt grov kveite, resten fint kveitemjøl)

Hev minst 1/2 time før utbaking. Lag små bollar som du bakar ut til ein liten rund leiv, ca 10-12 cm og ganske tynne.
Dei som skal bli foccacia hadde eg på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt.
Steik v/250 i ca 9 min.

fredag 22. januar 2010

Quilteblogg

Dei som er ofte innom bloggen min for å sjå etter innlegg om quilting, må heretter klikke på min nye blogg Oline. Eg har valt å sortere ut denne hobbyen min til ein egen blogg, og håpar at Julianns Tid vil være ein litt ryddigare blogg.
Her vil eg fortsetje med mest interiør, men også litt av andre ting som natur og strikking/hekling.

Ønsker då mine quiltevenner velkommen på besøk hos Oline!

måndag 18. januar 2010

Varm alpakka

I jula strikka eg meg ein varm og god hals/"lue" av alpakka trå. Og det var perfekt timing til alle dei kalde dagane som kom no tidleg i januar. Blir det så kaldt at du treng lue, så er det berre å dra halsen opp over hovudet, det passar flott.

Ideen fekk eg av ei venninne som strikka akkurat ein slik, det såg både fint og raskt ut å lage. Og det stemmer også! Eg løyvde litt trå, akkurat nok til å lage 2 pulsvarmarar. Så det vart ikkje ein meter trå til overs!!

Tråden eg har brukt er Iris alpakka frå Rauma ullvarefabrikk, farge nr 9020. Det trengs 2 nøster.


Oppskrifta er ganske enkel:
HALS:

Pinner nr 7, bruk rundpinne 60 cm
Du strikkar med dobbel tråd.
Legg opp 42 masker
Strikk 2 rette og 2 vrange, att og fram.
Strikk til arb. måler 60 cm, fell av og sy sammen.
FERDIG!
PULSVARMER:
Legg opp 24 m fordelt på strømpepinner.
Eg brukte her enkel trå og pinner nr 4.
Strikk 2 rette og 1 vrang rundt og rundt til det ikkje er att meir trå enn du treng til å felle av!!