I hagen min veks det mange
klematis, har vore ein "samlar" i fleire år. Med eit visst måtehold då, for alle må ha ein god plass å vekse på så det kjem blomster på.


Eg kan namnet på dei fleste eg har, men nokre sortar har eg kjøpt på salg , med manglande namnelapp. Skal prøve å legge ut bilder av blomstane etter kvart som dei kjem i sommar, så får eg kanskje hjelp med namna frå ein kvan?

Denne lyslilla klematisen heiter
"Alpeklematis" eller
"Clematis Alpina", og den er den som er først ute av alle. Knoppane kjem allereie medan frosten herjar, men den toler det godt. Og knoppane kjem i store mengder, dette er virkelig ein riktblomstrandet vekst. Nokre år har eg hatt bort imot 1000 blomster på den, men då har den også vore stor av vekst. Den er villig og enkel å styre, så denne anbefaler eg gjerne til den som vil prøve.


Her veks
"Ville de Lyon", blomster kjem om vel ein månad (kjem an på veret då!)

Denne klematisen veit eg ikkje namnet på, blomsten blir stor og fyllt, skal komme med bilde her seinare. (Har kjøpt denne på salg uten namnelapp!)
"Montana Rubens" er dette, også kalla
"Bergklematis". Fargen er lys rosa og blomsten er liten, berre 5-6 cm i diameter. Men dette er også ein tidlig sort, og er veldig fin. Eg har ein stor plante, noko av den er bunndekke under ein veranda og noko klatrar oppover. Skal legge ut fleire bilder når det kjem meir blomster her.