søndag 14. desember 2008

Julekakebakedagen


I dag har det vore den store julekakebakedagen. 3 sortar og that`s it! Peparkaker, Krumkaker og Julemenn. Desse sortane er slike som vi MÅ ha, og av erfaring er det lurt å ha akkurat desse, for dei blir oppetne ganske fort. Ja så fort at mor på passe på boksane, gje kommando om KUN 2 KAKER til prøvesmaking, for resten skal stå til julafta.
Jada,... eg veit at kakene smakar best før jul, men akkurat i år passar det ikkje å bake på nytt igjen viss boksane plutselig er tomme den 22. desember! Så her i huset er kakene freda frå no av!
Skjønar egentlig ikkje kvifor eg lagar peparkaker, i førjulsromantikken ,kan ein lese i alle blad, så samlar familien seg rundt bakebordet og ungane gleder seg over baking og smaking . Men her i huset,..... far snekrer ute i dag, og dei 2 yngste vil heller spele data enn å bake. Nestyngste lurte på om ikkje det var nok å lage peparkakedeig, for det er den som er best!!!! Men mor vil gjerne sjølv at peparkakebaking er ein del av juleforberedelsane, så då er det berre å sette i gang.

Ja,.... så står mor ensom på kjøkkenet og strevar med den alltid så gjenstridige deigen, merkelig at eg aldri får den til. Då blir det til at Juliann gjør ting hun ikke liker!! Og deigen likar sikkert ikkje meg heller. Henter den opp frå kalde kjelleren og baker i vei,... deigen er sikkert for kald, den sprekk når eg kjevler den, og kjevler eg fort så kan ein vere sikker på at det rullar seg fort opp ei stripe som heng fast på kjevlet. På med meir mjøl, løfter og kjevler og klarer etter kvart å få ut ei stor flate. Men kva skjer så??? Joda, figurane vil helst ligge på benken, dei klamrar seg fast når eg vil flytte på dei. Julegrisen misser eit bein, medan mannen får et ekstra langt et. Harepus løfter eg forsiktig i baken, med det resultat at eg avliver han ganske fort,.... slit desverre av hovudet. Og slik endrar figurane seg til rare men særprega julekaker. Heldigvis ikkje alle då, nokre blir perfekte mennesker og dyr, men inni er dei alle like. Rart når ein står slik og bakar åleine og filosoferer, desse kakene mine er akkurat slik som verden rundt en, nokre med særpreg og andre med eit fint ytre, men like er vi likevel!

Langt bedre gjekk det med JULEMANN-deigen, sikkert fordi eg likar den mykje betre. Denne deigen er smidigare, heng sammen og er elastisk. Ja den er så elastisk at eg måtte le då eg så ned på eit brett med 9 damer og ei stjerne. Det såg ut som det var ein livat jentekveld på dansegolvet, for dei rocka og vreid seg, ei stod på hovudet og ei anna slo hjul. Ei låg på sida og stjerna hadde ramla ned på golvet. Snakk om fest!

Tilbake til virkeligheten, for sånn går det når mor får stå åleine på kjøkkenet og bake, filosofere og studere alle desse figurane som no har fått husrom i kakeboksane mine og 1 veke ferie før dei store jafsa kjem og gjer slutt på dei!

Må så vidt nemne den 3. kakesorten, Krumkakene, der gjekk alt føre seg i rolige former, for då kokte mor middag samtidig!!

No er kakebakedagen for i år over, mor er fornøgd med å ha nådd dagens mål, og endelig kunne blogge litt! Høyrer gjerne om andre som filosoferer over deigen.........

PS, Juliann har storkosa seg med bakinga!!!!

2 kommentarer:

Mallemor sa...

Heldige du !!! Eg skulle og ha denne helga til litt brødbaking og diverse nødvendige sysler sidan eg skulle jobbe (nesten...fri fredag )kver dag denne veka.I stadan har eg sete i ein stol med ein solid bihulebetendelse.Ja ja jul vert det nok likevel. Ha ei fin veke !!!!!!

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjempefin kakeform du har kjøpt deg. Kjekt med litt nytt også på den fronten! Det er kjekt å få unna litt baking. Eg har førebels berre baka julemenn, men har planar om krumkaker og. Fekk lyst til å bake pepperkaker då eg såg kor fint Timotei hadde pynta sine, men etter å ha lese om korleis du streva, veit eg ikkje heilt ;-) Takk for awarden forresten!