







For dei som kjenner meg, så er eg ivrig med alt slags handarbeid. Det er også mor mi, vel, kanskje i litt mindre grad då. Men ho likar å ha noko å gjere på no når ho er blitt pensjonist. Behovet for å lage noko til seg sjølv er nok heller lite, difor spør ho meg ofte om eg har noko arbeid til henne. Det siste året har ho holdt på å hekle Oldemorsruter a la Mias Landliv sitt teppe, er ikkje heilt ferdig enno. Det går litt sakte fordi vi har problem med å finne den heilt kvite fargen av Østlandsgarnet, har kjøpt på Spar Kjøp og Nille, men siste halvåret har fargen vore gulaktig. Og det viser!! Så vi ligg på vent og slår til når den skikkelig kvite dukkar opp att. Trur dei brukar for lite Klorin i produksjonen sin!!!
Men no fann eg ut at eg skulle lage henne eit nytt prosjekt, eit teppe i 6-kantar. Eg vart så inspirert av eit bilde på bloggen til Den gode feen, ho hadde hekla eit liknande teppe, men det eg falt mest for, var nok fargane. Akkurat mine fargar i blått, kvitt, lysegrønt. Noko oppskrift hadde eg ikkje, så eg har laga min egen variant, og den fungerer fint. Eg deler den difor med dykk, så den som blir frista av mine lappar begynner kanskje å hekle et slikt også. Håper å høyre og sjå frå alle som prøver seg på dette.
No merkar eg presset "från rymden"!! Det er så mange som veit at eg er begynt å hekle på eit stort prosjekt, kalla det bølgeteppet i eit tidlegare innlegg. Så langt har eg hekla rundt 40 cm, og det er no blitt så stort at eg kjenner kor det varmar medan eg heklar! Det har blitt nokre stavar etter kvart, kvar omg. er på over 300 stavar!!
Viss det er nokon som vil ha mønster, så sjå på eit tidlegare innlegg (26.3) der eg fortel om inspirasjonen eg fekk frå danske Liselotte.
Eg har no komt til at heretter skal det heite Gladteppet, fordi:
Helser spesielt til Ronille og Strikkemor(o)! Ventar no at de òg byrjar på eit slikt teppe!!