BLÅBÆR!!

Berre at resultatet er blåsvart! Men for meg er dette skogens svarte gull som eg endelig har klart å plukke litt av. I dag har eg renska bæra i denne smarte bærrensaren, følte meg nesten som ein gullvaskar der eg sat og rista bort alt det eg ville bli kvitt!

I fjor skulle eg omsider i blåbærskogen, men det var nok i seinaste laget,..... ca 52 bær vart fangsten då. Men i går vart resultatet straks betre, omlag 5 kg plukka vi på ei lita stund. Jippi!






Men Juliann har i det siste hatt tradisjon å lage noko søndagssnadder til kaffien, i dag fall valet på plommer. No bugnar trea mine av store blåplommer, så då ville eg prøve meg på ein plommepai med smuldredeig.

OPPSKRIFT
Legg frukt blanda med 3/4 dl sukker og 2 ss potetmjøl i ei smurt form.
SMULDREDEIG til å ha over:
3 dl havregryn
1.5 dl sukker
1,5 dl mjøl
125 gr smelta margarin
Rør sammen det tørre og bland i smelta smør, deigen blir fast/smuldrete.
Strø over frukta og steik midt i omnen v/ 220 gr i 20- 25 min, eller til deigen blir fint gulbrun.
Server med kremfløyte og vaniljesaus.
Lykke til den som prøver!


