
Dette er historia om Finn som har alt, nærare bestemt Finn.no. Og at han har alt (og litt til kanskje), det er jammen sikkert. For eit par dagar sidan tok eg meg ein tur innom, kanskje mest for å surfe og å sjå kva som folk vil selge, men også for å sjå etter ein spesiell stol.
I bloggen til Karnas hus kan vi sjå korleis ho tryllar ein gammal sofa om til eit stilfullt møbel, berre heilt imponerande å sjå kva ho får til. I fleire andre interiørbloggar har eg sett at kombinasjonar av gamle rokokkomøblar og moderne interiør er som ein prikk over I-en. Då hjelper det lite å ha lyst å prøve på noko slikt når ein ikkje har så mykje som ein gammal krakk! Men det var ein stol eg hadde lyst på!
Så i tankar om å finne noko hos Finn har eg vore innom og kikka både fredagen og laurdagen. I all surfinga mi har eg no erfart ein ting,- det er kjempelurt å bu ved sida av mølla, då kjem ein først om det trengs! Iallefall er det bra å ha nokon i familien som bur ganske nær Norges navle, for etter mi erfaring så er det mykje godbitar å finne i det området.
Eg fann fort ut at ved å søke etter stol, så fekk eg nøyaktige søk. Og eg oppdaga at ute i verda er det nokon som legg inn nye annonser heile tida. Det må ein ikkje gå glipp av må vite, så det enda med at dette vart veldig spennande å sjå kva som dukka opp, så eg var innom og sende søk mot Finn med jamne mellomrom.
Farlege saker dette, akkurat som å gå inn på ein butikk, - "berre for å sjå",- og så kjem ein utatt med noko som ikkje var planlagt då ein gjekk inn. Slik var det at eg fredagsettermiddagen dumpa borti nokre møblar som kunne vere "kjekt å ha", iallefall i forteltet til campingvogna!! Ein kar som skulle flytte ville kvitte seg med møblar fort og billig, og Juliann var rask med mobilen (10 min etter at annonsa var lagt ut!) og sende sms og var interessert!! Dette var i Oslo, men Juliann bur på Vestlandet........ veldig langt frå mekka då! Ja kva gjer ein så? Jau, i det eg stod høgt oppe på eit stillas og vaska ein vegg i stova, så ringer karen og det endar med at Juliann reserverer møblane til laurdag kl 15!
Deretter er gode råd dyre, vel for meg vart dei heller billige, for etter ein rask telefon til son min som bur i Ski, var hentinga avklart (og teke mål av bilen, for møblane skulle vere med INNE i bilen, ein Volvo stasjonsvogn).
Så for kr 300 vart denne "sommargruppa" mi, sjølv om den er langt unna meg enno, men det er vel sommaren også. Eg må kanskje trekke om putene, så eg tek gjerne imot tips om kva stoff og farge eg skal bruke, evt. kvar eg får kjøpt det.

Eg fann mange slike fine Rokokkostolar på søka mine, men nokre var selde, nokre var dyre, og ein kar ville vente på høgare bud. Så då fann eg ut at ein får ikkje til alt på ein dag, det kan vere lurt å vere tålmodig! Men skjebnen ville at eg skulle få meg ein stol denne helga!! For blant mange møblar som ei familie ville selge unna fort, også dei pga. flytting, så skulle dei selge TELEFONSTOLEN sin, ein rokokkostol med broderi for kr 150!!! Slå den! Billegare enn på loppemarked!

For å avslutte denne lange stolhistoria, så fekk eg altså telefon kl 13.30 om at no var Volvoen smekkfull av stolar til den pene sum av kr 450!!! Gjett om Juliann var fornøgd då!! Men eg måtte love son min om at eg ikkje måtte finne meir hos Finn på ei stund,- han har det litt fullt for tida!!