søndag 13. april 2008

Snurreskjerf!

Etter ei ny bloggetørke så kjem her endelig noko nytt her. Har ikkje akkurat mangla bilder og idear til innlegg, men Julianns Tid skal brukast til så mykje!



Men eg har ikkje vore passiv heller, no i veka så hekla eg dette artige snurreskjerfet. Har sett slike skjerf i bruk, men ikkje tenkt meir på å lage eit slikt. Heilt til eg dumpa bort i eit mønster i Familien no nyleg, (eg huskar ikkje kva nr det var, men iallefall eitt av nr no etter nyttår)


Tråden eg har brukt er Vivaldi frå Drops, ein flamma angoratrå. Det held akkurat med eitt nøste. Heklekrok nr 4 . Det skal heklast berre 2 omg. med stavar.


Her er det enkle mønsteret:
Legg opp 150 cm med lause luftmasker. Hekle stavar slik: hekle 3 luftmasker, hekle så 2 stavar i denne (tilsv. 3 stavar), fortsett med 3 stavar i kvar luftmaske. Snu, hekle 3 luftmasker og 2 stavar like ved, fortset no med 2 stavar i kvar stav ut omg. Då er du ferdig!!! :)



Ønsker lykke til med heklinga til den som vil prøve, og håper de vil legge inn kommentar til meg om de lagar slike. Om det vert fleire, så kan eg linke til bloggane dykkar her i innlegget.

Ingen kommentarer: