tysdag 6. oktober 2009

Eit hekleprosjekt er i gang,...igjen!

Juliann er i sving igjen, og legg stadig nye planer. Og set i gang nye UFO-prosjekt truleg! Er iallefall ekspert på å ha altfor mange ballar i lufta på ein gong.

Vart så inspirert av eit hekla/strikka teppe eg såg i bloggen til Livs Lyst, at dette måtte eg prøve.
Dette bildet er frå bloggen til Livs Lyst
Mange smårestar her!Ein gammal arm skal no bli til ei rute i teppet. Skikkelig gjenbruk!

Teppet er hekla av oldemorsruter og med innslag av lappar som er strikka i rettstrikk. Og alt går i gråtonar og jordfargar. Grunnen til at eg falt for dette, var nok mest fargane, men også muligheten til å få brukt opp ein del "umulige" fargar. Opp gjennom åra med strikking av litt av kvart, så har det samla seg opp smånøster med slike fargar, og spesielt dei kvite som ikkje er kvite lenger og som ikkje passar i lag med nyinnkjøpte kvite! Her kan eg bruke alt frå "ubleika" til sauekvitt, og dei ulike nyansane gjer det berre fint trur eg.
No har eg iallefall endå eit "veskehekletøy" som eg kan ha på lur om Juliann får litt tid til overs,.... td 10 min på ei ferje eller på eit venterom, eller på biltur når eg har sjåfør,..... mulighetane dukkar plutselig opp og då er det kjekt å ha noko på lur.

Ingen kommentarer: