søndag 8. april 2007

Gladteppet!!

No merkar eg presset "från rymden"!! Det er så mange som veit at eg er begynt å hekle på eit stort prosjekt, kalla det bølgeteppet i eit tidlegare innlegg. Så langt har eg hekla rundt 40 cm, og det er no blitt så stort at eg kjenner kor det varmar medan eg heklar! Det har blitt nokre stavar etter kvart, kvar omg. er på over 300 stavar!!


Viss det er nokon som vil ha mønster, så sjå på eit tidlegare innlegg (26.3) der eg fortel om inspirasjonen eg fekk frå danske Liselotte.


Eg har no komt til at heretter skal det heite Gladteppet, fordi:



  • Eg har funne så mange fine idear til teppet i mange bloggar, visst blir ein glad av slikt!

  • Har leita opp mykje bomullsgarn som eg trudde eg ikkje fekk brukt!! :-)

  • Kjekt å kjøpe litt nye fine fargar!

  • Det er kjekt å hekle med så mange flotte fargar, blir ikkje lei fordi eg skiftar farge etter max 2 omgangar!

  • Og sist men ikkje minst, - så kjekt at nokon der UTE sit og ventar på å sjå korleis det går med teppet!

Helser spesielt til Ronille og Strikkemor(o)! Ventar no at de òg byrjar på eit slikt teppe!!

8 kommentarer:

Ronille sa...

Oj, ja det var litt av ei utfordring... Men om eg får 10 år på meg, så kanskje... (Hmmm, tenke, tenke...) Kjempe lekkert er det iallefall. Lykke til vidare :) Skal følge med deg! Har lagt deg til i bloggen min, sidan vi nesten er naboar :) Ha ei fortsatt fin Påske :)

Elin sa...

Så flittig du er, sit du i senga og heklar om natta og?? Har lyst å prøve, men veit jo at det kan løne seg å styre lystene sine. Ikkje alltid resultatet blir som forventa, dvs. ting blir ikkje ferdige. Kven er Ronille? Nok ei påskenøtt? No er eg trøytt av nøtter, så sei det... Sjølv er eg blitt hekta av boka eg les, omsider har inspirasjonen til å lese kome tilbake, artig å lese på engelsk. Men, mindre tid til blogg, sy, strikk, hekl....og alt det andre....

Strikkemor(o) sa...

Å, dette blir fint! Du har jammen vore flittig, hadde ikkje trudd du hadde fått gjort så mykje allereie! Det ser kjekt ut og eg er frista til å begynne på eit eg og....

Mia sa...

Det teppet ditt blir bare såååå fint! Jeg har også fått lyst til å begynne på et slikt et, eller et med "granny squares" - vet ikke hvilken er lettest for en nybegynner... Har så å si aldrig heklet før...

Koselig at du bakte påskekaken "min". Hyggelig med slike tilbakemeldinger.. . Kos deg videre i påsken med heklingen - og ja, jeg gleder meg til å følge med framgangen med teppet ditt!

Simonetta sa...

Very beautiful colors, I love it!
Happy Easter ;)))))

RedRobin sa...

Veldig passende navn med "gladteppe". Det blir kjempelekkert og jeg gleder meg til å se det ferdig!! :o)

Malinken sa...

Så flott teppet ditt blir! Skikkelig flotte farger til å bli glad av :-)

Ha en fin kveld!

Dinemor sa...

Så fint det blir! Likte godt navnet du har gitt det :) Det er til å bli glad av. Flott påskegryteklut lenger opp på siden også! Håper du har hatt en fin påske og at du har fått kost deg masse :)