tysdag 9. september 2008

Quiltekurs

Sist helg, i aldeles strålande solskin,..... så var eg på 2-dagers quiltekurs,.... innendørs!!! Det høyrest fælt ut kanskje, men det var kjempekjekt! Kurset var engasjerande og sidan vi har hatt så mykje flott ver i det siste, så gjorde det ingenting å være litt inne også.Kurset heitte "Dobbelsidig weekend" og var ved Hilde F. Neset frå Stord.
Det var ein kjekk teknikk, for her laga vi vendbare lappar som kunne brukast både til tepper og løparar. Eg valde å lage julefargar på den eine sida og nøytral beige på den andre sida. Eg skal lage 3 like ruter av det som er på bildet slik at det vert ein løpar. Ein annan teknikk som også var dobbelsidig prøvde eg også. Denne var rask å lage til, lappane vart rundt 20 cm i kvadrat og skal quiltast først og deretter syast saman kant i kant.

6 kommentarer:

aase sa...

Jeg synes det hørtes fortreffelig ut å kurses i helgen jeg!! quilting er fantastisk moro!! Akkurat nå har jeg kjøpt massenye stoffer uten å ha tid og ork til å sy!! Mange år siden jeg quiltet, håper å komme igang igjen!! Deilig med noen nye stoffer å se på ihvertfall!!

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Dette såg kjekt ut! Lenge sidan eg har vore på kurs no. Dette hadde no gått meg aldeles hus forbi, er visst blitt litt sløv.

Anonym sa...

Heisann. Innom for å ønske deg ei fin helg :) Kjekt med et kurs, eg har aldri vore på det, så dersom det blir noke her kanskje eg skulle melde meg på...
Klem fra Ronille.

MOLLY sa...

Jeg er jo helt ute på søm, men jeg kan se at det blir flott...hahaha:)
Ønsker deg en knall dag;)

ronille sa...

Heisann. Innom på min ukentlige bloggbesøksrunde, for å ønsker deg ei riktig god og fin helg.
Klem :)

Husflidstausa sa...

Ser spennande ut det kurset der. Hadde veldig lyst å gå, men gjekk ikkje å bytte arbeidshelg. Vi får vel sjå resultatet på neste klubbmøtet kanskje? Ha ei fortsatt fin helg.