
No er det siste innspurt her ved symaskina mi! Under nåla her ligg ein komande
sminkepung som ei tante skal få. Mønsteret er henta frå boka under.

Eg har ikkje sydd så mange slike sminkepungar før, men denne teknikken som er forklart her er enkel, så det blir nok sydd fleire slike med tida.

Men eg kan ikkje sy heile tida, litt avslapping med strikkepinnane trengs innimellom. No held eg på med hanskar strikka av
Fabel, eit veldig godt garn å strikke av, og spennande med fargevariasjonane som oppstår!!
Det vart til og med ring på ringfingeren!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar