
Venter på sommaren og ventar på denne vakre stokkrosa NIGRA. Men det går tregt med begge, jammen bra det berre er starten av juli enno. Sommaren kjem nok......

I dag har eg baka OL-snadder,...gode kanelsnurrar. Bilder og oppskrift på desse såg eg i bloggen til Anne Grethe, og dei såg så fristande ut at eg måtte spørje etter oppskrift og teknikk. Det var visst fleire som hadde gjort det, for no har ho laga eit kjempeflott innlegg. Tusen takk til deg Anne Grethe!! Dei smaka kjempegodt!
Oppskrift og framgangsmåte finn du HER, men eg legg likevel ut grunnoppskrifta til Anne Grethe:
No når snøen har lege her heilt sidan før jul med sitt kvite lag over alt, så er det herlig å sjå alle desse vårfargane. Eit knalltilbod hos Plantasjen med Primula til kr 13 pr stk gjorde at eg kunne tillate meg å gå litt amok. Omtrent som eit barn i ein godtebutikk på svenskegrensa!
Men med morsdagar i sikte så fann eg ut at eg kunne kjøpe så eg hadde å gi bort. Fann svarte avlange potter med plass til to potter, så dette skal bli presangar som eg skal overlevere snart. Om eg ikkje ventar til "rette" dagen, så syns eg det ikkje gjer noko, for ei mor treng no all ære ho kan få uansett dag! Og aller helst kvar dag!
I kveld har eg laga grove pitabrød. Vel,..... det skulle berre bli vanlige grove, men underveis i bakinga kom eg på at eg kunne lage små foccacia av nokre. Dei fekk heve litt før eg hadde på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt.

Dei vart fine og fristande, heile 35 stk av pitabrød og foccacia vart det!! Og smaken var perfekt!!1 l lunka lettmelk
1 pk gjær
2 ts salt
3 ts sukker
1 ts bakepulver
0,5 dl rapsolje
mjøl til passelig fast deig ( eg hadde i ca 2 dl sammalt grov kveite, resten fint kveitemjøl)
Eg har valt å sortere ut denne hobbyen min til ein egen blogg, og håpar at Julianns Tid vil være ein litt ryddigare blogg.

