Dette er den store skilnaden på dyre og menneskeverda!! Herved bevist!
Nokon som har sakna innlegg her i det siste???? Ja, eg har ihvertfall ikkje hatt det så avslappandes som denne karen her. Ein skikkelig livsnyter! Tenk å være katt dåkke! Få herlig mat servert, komme inn og varme seg når det trengs og sove så lenge en vil! Og når ein er våken, då er det berre å fine seg inn med nærmaste menneske, for då blir det kos, klapp, litt massasje og så litt mat til slutt då.
Ingen store forpliktelsar for denne her nei! Ingen oppvask, ingen klevask, ingen klehaugar som hopar seg opp, ingen innkjøp, ingen ting som må ryddast, kan drive uteliv når det passar! He he, dette høyrest jammen ut som ein skikkelig snobbete ungkar!!!
Men denne pusen er også ungkar, ........reknar med at alle herrepusar er ungkarar livet ut???
Kort oppsummert er det stor skilnad på meg og pusen, men ein fordel har eg som han ikkje har: Eg kan blogge når eg får litt tid! Hurra for meg! Eg manglar ikkje innleggstema og bilder, berre ledig tid til å få ned på nokre bokstavar i ny og ne!
2 kommentarer:
Yes,kunne tenkt meg å være katt (i hvert fall for en stund). Behagelig liv - være oppe om natten og sove hele dagen, fange en mus om orken er der, og ellers bli klødd bak øret. Kurrrrrrrrr.......
Denne ser ut til å virkelig nyte livet.Eg trur nesten eg har hatt det like godt som katten etter jobb i dag. Sydd,blogga,sett på Farmen og ete,bra det og.Kjekt å sjå at det var liv i bloggen din igjen.
Legg inn en kommentar