fredag 20. februar 2009

Då sola skein på byen....

.......ja då sola skein på Bergen by, var der skikkelig Vintervakkert. Slike bilder er gode å minnast no når det har vore grått og vått ei stund. Bilda er frå forige fredag 13.2 då eg var ein rask tur dit igjen. Vel ombord i hurtigbåten, klar til å reise heimatt om ettermiddagen, såg eg desse fine motiva. Og igjen vart det tur opp på akterdekket for å få gode bilder! (hmmmm , vindua på båten treng seg ein vask, mykje salt på dei lagar dårlig sikt for fotografaugene!! Såpass såg eg til tross for eit lite operativt inngrep på eine auget denne dagen!!) Øverst på toppen kikkar "Fløyen" ned!
Statsråd Lehmkul ligg i dvale.... ventar berre på varmen, denne kalde vintersola er ikkje nok!

2 kommentarer:

Lappetausa sa...

Nydelege bilete både denne gongen og dei frå båtturen. Vonar det ikkje er noko gale som gjer at du er så ofte på farten...Ha ein fin vinterferie!

Husflidstausa sa...

Innom for å ønskje deg ei riktig god helg. Som vanleg er det flotte bilete du tek. Har du alltid fotoapparat i veska?