onsdag 11. mars 2009

Vårtegn!

Dagen som starta tåkete har no enda opp i glitrande sol, blå himmel og skikkelig med vårstemning. Og med temperatur godt over 10 grader så merkar ein at no er vinteren snart på hell. Sola varmar skikkelig godt!

Og attpåtil så har eg i dag sett 3 skikkelige vårtegn!


  1. Ein tjeld stod i sjøkanten og kosa seg!

  2. Nokre viper var komne til den faste plassen sin, på ei stor opa mark gjekk dei rundt og såg sikkert etter noko å ete!
  3. På ein liten fjelltur no i ettermiddag møtte eg ein mann i lys kakishorts!! Med lysande kvite bein!!!

Dagen må no nytast det som er att, har hengt ut kle til tørk og vindauga står opne og slepper inn den friske vårlufta.

No er det jammen godt å bu på Vestlandet!!

Ingen kommentarer: