I går ettermiddag fanga eg inn på kameraet mitt det aller siste lyset av 2009. Litt vemodig på eit vis, men når eg no sit og ventar på lyset for 2010, så ser eg berre framover. Mot alt det gode lyset som skal komme, meir og meir etter kvart som dagane går mot sommar og varme! Reint bibelsk dette, men det følgjer håp med alt lyset som ventar oss i 2010.
Vil med dette seie velkommen til 2010 til alle som er innom!
Eg har no vore oppe sidan kl 6 som vanlig, herlige stille morgonar i huset mitt då. Har fått i meg ein god frukost med egg, sild og laks, .......mmmmmm og deretter laga ei gjærdeig til grove sunne rundstykker!!
Denne kvite stjerna heng i kjøkkenglaset mitt, ca 40 cm i diameter. Likar mønsteret på den veldig godt, eg kjøpte den på Living før jul i fjor.
Men denne raude stjerna som heng i stovevinduet mitt mot aust, likar eg spesielt godt. Det er "håpets stjerne" for meg, i fjor hang den på ein heilt annan plass og lyste varmt. Denne vart kjøpt på Åhlens og den er ca 50 cm i diameter.
1 kommentar:
Jeg ønsker deg et riktig godt nytt år!
Legg inn en kommentar