torsdag 31. desember 2009

Gjenbruk

Eg brukar å kjøpe meg ei kvit julestjerne til jul, og i år ville eg ha den i ei sølvpotte. Ei som eg trudde eg hadde,... eg leita og leita, men fann ingen då eg hadde bruk for den. Der stod eg med blomsten i handa utan den perfekte potta. Kva då? Endre planer?

Då er det lurt å ta det ein har og fikse litt på det. Denne potta i gråblått har eg ikkje brukt på lenge, men ikkje kasta den pga den fine dekoren i den. Eg leita fram av to mine mange sparayboksar med lakk som eg har kjøpt på Biltema og sette i gang med lakkering.Grunna først med Sinkspray for å få den rette fargen. Deretter for eg over flekkvis med Kromsprayen, eg ville ikkje ha potta blank over alt, så difor let eg det stå opne felt.
Resultatet vart då ganske flott synest eg, og eg sparte meg å kjøpe endå ei ny potte. Så mitt tips til alle er å tenke gjenbruk før ein vel det lettaste å kjøpe nytt!

Godt nyttår til alle bloggarar som er innom meg!
Helsing

4 kommentarer:

Laila sa...

Kjempesmart. På Biltema kan ein finne masse nyttig (også for dei som ikkje er spesielt opptekne av bil og verktøy)... Godt nytt år!

lovecountrychabbychicstyle sa...

Godt nytt år!! ha et fint bloggeår 2010!

Klem Lillan:)

Haldis sa...

Smart du Juliann! Ønsker deg og dine eit riktig godt nyttår!

eling sa...

Ikkje dumt å ha nokre boksar spraylakk ståande i diverse fargar. Potta vart jo kjempelekker!