laurdag 26. desember 2009

Ein tidleg juledagsmorgen

Det er tidleg morgon i mitt hus no, klokka er så vidt passert 7.00 og det er heilt stille i huset for resten av familien søv. Det er kun musikken som eg har på i bakgrunnen som høyrest, og i slike stille morgonstunder kan ein virkelig nyte fin musikk. Har fått med meg klassisk julemorgen på P2 og no er det jule-cd med Elisabet Andreassen og Rein Alexander som står på.


Eg har vore oppe i over ein time no,... står opp kl 6 kvar morgen, så no står ei gjærdeig med grove rundstykker og hever. I dag har eg invitert familien i nærheten til julebrunch kl 11, så då skal eg diske opp med nybaka brødmat og mykje godt pålegg. Ingenting er som ein god og lang frukost!!



4 kommentarer:

Ati sa...

Mmmmm... ferske rundstykker til lunch, deilig ;)
God Jul videre!

Klarafina sa...

Høres deilig ut...jeg kan nesten kjenne duften!

tiny sa...

Jeg ønsker din og fam. god Julen og godt nyttår.
Hilsen Tiny

Husflidstausa sa...

Hei på deg. Ønskjer deg ei riktig god jul vidare, og eit godt nytt år. Dårleg med futt på bloggane denne hausten både på deg og meg, men vi kjem vel sterkare tilbake ein gong.... Vart huset ferdig til jul, med golv og allting?