søndag 14. juni 2009

Mi tid blir brukt til......

.........FJELLTURAR! Mange av bilda mine tidlegare har vist at eg er mykje på tur i naturen her i Nordfjord, og det er eg framleis. Veldig mykje på tur,.......så mykje at blogginga etter påske har komt laaangt bak i rekkja over viktige ting å gjere. Mine turar er trening, men treningsturane går til fjellpostar som idrettslaget har lagt ut. Å ha eit mål om å registrere seg i postane gjer at ein liksom ikkje stoppar før målet er nådd, og signaturen i boka er som ei godkjenning av dagens treningsøkt.I går laurdag, var eg på denne flotte turen i bygda mi. Dette er utsikt over staden der eg bur, med fjordbyen Nordfjordeid lengst inne i botnen.
Vatnet ved Røedsetra.
Eg trenar dagleg ein stad mellom 2 og 4 timar, så i tillegg til full jobb blir det ikkje så mykje tid til å gjere andre ting,...... kun på dagar med dårleg ver, då blir det berre kortaste treningsøktene! For då lek fjellskoa mine!! Sjølv om eg har 3 par å bytte mellom, kan det mangle tørre sko når veret er dårleg!


Lundavarden, ca 780 moh, ein fjellpost med fantastisk flott utsikt over store delar av Nordfjorden. Trur faktisk at ein ser 2/3 av fylket mitt aust/vest herifrå. Lengst aust her ser ein fjell i Stryn og Gloppen kommune, denne varden er i Eid kommune og på bildet under ser vi mot havet med Vågsøy og Bremanger kommune. Lengst i vest såg eg sendaren på Bremangerlandet, den står på ein fjelltopp heilt ute ved havet.

Ikkje så godt å sjå alt på bildet over her, men slik blir det når sola står rett imot ein! Berre kontrastar. men havets sølv vart iallefall med.Her ser ein mot sør og Ålfotbreen og med fjellet Gjegnen som er ca 1500 m høgt. Den vesle prikken nede på fjorden er ferja!!

"Sjenstemyrane" trur eg denne plassen heiter, her er flotte murar av gamle gardfjøsar som no er berre eit kulturminne fra travle tider før!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flotte bilder!
Det er også imponerande kva dei bygde før i tida med enkle reiskapar.

2ne sa...

Her var det masse nydelige naturbilder, skjønner at man ikke får så mye tid til alt annet når man er flink å trener så mye.