tysdag 16. juni 2009

Midtsommarblomster

Det er sommar på kalendaren, juni er godt i gang og Reiseradioen har starta. Eit sikkert tegn på at det nærmar seg midtsommar er alle dei vakre markblomstrane. Ikkje noko er så fint og sommarleg som ein samansett bukett av desse.
Men noko viktig manglar,........VARME! Under 10 gr kvar morgon og max 12-14 gr midt på dag! Nesten som ein varm dag i desember. Denne veka har eg ferie, ....og eg som hadde tenkt meg lange varme morgenstunder på frukostverandaen med Reiseradioen og litt quiltearbeid i solskinet.

Men ein ting er iallefall sikkert, no kan det kun bli varmare her på Vestlandet!!

Ønsker alle som er innom ein varm sommardag!!

2 kommentarer:

Lappetausa sa...

Takk for nydelege bilete å kvile auga sine på! Vi ventar på varmen, det er sikkert! Ha ei fin ferieveke!

Mira sa...

Fin blogg, mye fint her. Eg skal ta vare på Sekskant mønster til hekleteppet. Så lager eg kansje mitt eget! Takk for mønster. Klem...