This big quilt is made by me and quilters in USA. It is a Round Robin project, and members of our quiltclub and quilters in USA took part in the project, a project with the name "Women stiching the world together".
I have finished and quilted it by hand. After finishing the quilt was sent back to USA, for a big quilt exhibition in Houston, Texas.
Later the quilt was picked to be in a quiltbook, and I sent it back to USA for photography. Now the quilt is only mine and I love to see the lovely work made by the quilters in USA. They are really clever!!
Dette store teppet til høgre i bildet er min skatt, laga av meg og mange quiltedamer i USA.
Teppet er eit Round Robin prosjekt mellom ma. medlemmer frå klubben vår og quiltere i USA. Prosjektet var med i "Women stiching the world together", og då teppet var ferdig montert og quilta av meg vart det sendt til ei stor utstilling i Houston, Texas.
Seinare vart dette teppet også plukka ut til å vere med i ei bok, og det vart sendt tilbake til USA for fotografering.
No er teppet mitt private eige og eg nyt det flotte arbeidet som vart gjort av damene i USA, dei er berre utruleg flinke og nøyaktige i jobben sin!
Med dette teppet er eg med i Bloggers Quilt festival 2009 som starta i dag.



Då har Juliann dekka på til årets siste påskefrukost! Med mitt påskeservise som eg likar så godt. Kjøpte desse på postordre ein gong, det var kanskje Firkløveren eller likn. Då eg fann ut at eg ville ha nokre ekstra kuvertar, så var det slutt på denne sorten!! Så om det er noko ute i bloggeverda som vil bli kvitt sine, så er eg ein interessert kjøpar! Ta kontakt då!!
Desse tidlege frukostane mine har eg hatt heilt åleine, har ikkje ein gong vekt min mann! Han har jobba nokre dagar i påska så då syns eg han fortener å sove lenge når han har fri. Men så kan eg også nyte stillheten i huset. Mine to yngste gutar som er i dataspelestereodunkdunk-alderen ligg i dvale, det er heilt stille. Fuglane syng fin morgensang ute og eg har sett på NRK klassisk!! Faktisk utruleg flott og stemningsfullt å høyre på enkelte av innslaga, litt renessansemusikk, av og til eit "klosterkor", ja då merkar eg at det er høgtid!









Eit lite utval av mine serviettar, dette var det eg hadde med påskemotiv. Og det er vel akkurat no dei må brukast,....om ein ikkje er samlar då! 






I stova er bordet pynta med både mjuke og harde kyllingar, fine på kvar sitt vis synest eg.



I går var det sesongstart for årets campingliv! Vi har campingvogn i Skjåk, der har den fast plass, og eg brukar å seie at dit reiser eg når eg vil være KLIMAFLYKTNING! For ofte regnar og regnar det her på Vestlandet, og vi vert skikkelig underernærte på sol og varme. Då er det godt å ha sitt eige krypinn å flykte til!
I Nordfjord var det regn og vind i går, men austanfor fjella???? 


