søndag 1. mars 2009

Småsnoping

Fredagen var handledagen min til denne helga, og som vanlig var det store posar med mat som var hovedfangsten. Men litt småtteri unna eg meg denne dagen.
Eg har lenge sett etter små rammer til stichery, den eg har er ikkje ideell til mindre ting, og litt stor å sitje med av og til. No hadde Siv på Lappestua fått tak 3 ulike størrelsar, og 2 av dei var mindre enn den eg hadde frå før. Dei er ca 14 og 10,5 cm i diameter, så no får eg sjå om eg kan begynne på noko lite syarbeid også! Litt fristande med Sticherymappa til AnnaKa.......
Og 1 m lilla glidelås, hmm, kjekt å ha i tilfelle eg skulle sy noko. Fargen var så fin at den måtte eg berre ha. Ein fin lysegrøn frista også, så kanskje må eg ha meir??

1 kommentar:

Haldis sa...

Spennende! Du må nok ha syarbeid til quiltekaffeen.