No lurer de vel på kva dette skal bli,........ det er eit bestillingsarbeid! Fra min mann! Han ønsker seg fleire strikkatøfler! Saken er at minstemann i huset har oppdaga fars gode og varme tøfler, så når far skal ta dei på, så er dei allereie i bruk.
Til desse tøflene er det fint å bruke opp restegarn, men når eg lagar desse, så er det nokre kriterier eg vil ha med. Det må være minst ein trå som er veldig sterk, gjerne ein trå syntetisk, og ein dårlig ein som du gjerne vil ha strikka opp!
Her har eg brukt sokkegarn, ein gammal Mamsell (den grøne) og eit vanleg 3-tråda strikkegarn.
Veldig ofte når eg strikkar, så blir oppskrift og mønster til mens eg strikkar...........så den som vil ha oppskrifta må vente til første tøffelen er ferdig! Men eg har her lagt opp 36 masker på pinner nr 5, og har tenkt å strikke riller ca 10 cm. Følg med så får de sjå meir når eg har den første ferdig!
4 kommentarer:
Dette ser veldig enkelt ut. Jeg har masse ull rester... Nyskjerrig hvordan disse tøflene ser ut når de er ferdig...
Skal du tove den etter strikking?
Ser artig ut, ja! Du er flittig med strikkepinnane for tida! Eg har også vore hos Siv og kjøpt broderirammer. Først den rosa (13-14 cm) for ei veke sidan. Den var veldig god å bruke, så i dag var eg inn og kjøpte ei i 17 cm (lys lilla).
Heisan!
Dumpet innom bloggen din for første gang nå. Her var det koselig og mye fint. Spennende med tøflene, jeg må følge med videre...;)
God morgen tar kanskje fatt på desse tøfflane så får eg rydda opp i garnet mitt
Legg inn en kommentar