fredag 27. februar 2009

Strikkemønsteretterlysing!

Strikkedilla gir seg ikkje, og eg finn stadig nye modellar som eg har lyst til å prøve. Denne lua synest eg er både fin og feminin, men er strikka i eit mønster som eg aldri har prøvd. Ser ut til å være ei lue som er fin å bruke no når det går mot våren! Men så er det å finne tak i mønsteret då!!!Bildet stod inne i siste annonsebladet som Hobbyklubben har sendt ut for å få nye medlemmer, men bildet var desverre ikkje knytta til noko spesiell bok. Eg trur nok at dei har funne bildet i ei av bøkene dei vil selje til oss, men kva for ei???? Er det nokon som veit dette, må dei gje meg eit hint her på bloggen! Kanskje nokon kan legge ut mønsteret på ein blogg så fleire kan strikke ??
Eg har leita gjennom Drops sine mønster på nett, men der fann eg ikkje noko som likna.

5 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Veldig fin hue, skulle gjerne ha strikka den eg og! Har ikkje sett dette mønsteret før, men synest det liknar på stilen til "Du store alpakka". Du kan no høyre hos Reidun Strand...

Unknown sa...

Det er er Kari Hestnes si bok...Må leite litt her.

*googlar*

http://www.dustorealpakka.com/generelt_strikkeboken.shtml

Anonym sa...

Vilka fina mössor!

Vad roligt att du är med och tävlar. Lycka till och ha en trevlig helg! Kram Sandra

Unknown sa...

Send meg ein e-post du. :-) God helg!

Timotei sa...

Hei!
Du finner mønsteret i Kari Hestnes bok "Strikk - en reise til indre ro"