Eg har funne mønster til desse fine pulsvarmarane på bloggen til svenske Stickfrossa, takk til henne for at ho deler oppskrifta med oss andre!Desse kvite har eg strikka på tynn Alpakka på pinnar nr 3, alpakka er godt å strikke av og dei er varme og mjuke å ha på. Dei grå under her er av Ida Strømpegarn.
 
Eg oppdaga fort at eg hadde bruk for maskemarkør til å passe på kvar mønsteret skulle starte, så då hadde eg meg ei lita kosestund med perler og verktøy. Litt koselig å strikke når ein kan kikke på eit lite smykke av og til, og ikkje berre ei farlig sikkerhetsnål!! Har laga meg nokre til som eg brukar i eit anna strikketøy, og det blir nok laga litt ekstra også når eg får tid..... , kanskje dukkar det opp nokre for salg også i Julianns bu??




3 kommentarer:
Fine vart dei! heilt sikke varme. God helg.
Så fine pulsvarmarar du har strikka!
Så fina och så roligt att du gillar mitt mönster!
Legg inn en kommentar