


Denne gongen ville eg prøve ein ny metode som ei venninne brukar. Kor godt plommene vil holde seg, gjenstår å sjå.
Her er framgangsmåten :
Kok sukkerlake av 650 gr sukker til 1 liter vatn.
Fyll glasa med nyplukka plommer, stapp godt, men ikkje til dei sprekk. Slå over sukkerlaken til nesten fullt glas, ca 2 cm, frå kanten.
Sett dei i steikeovn som er oppvarma til 150 gr og la dei stå i ca 1,5 t. Lokket skal leggast lett på toppen av glaset når dei står i ovnen, men ikkje skruast på for at lufta skal sleppe opp. Stikk med ein pinne i plommene for å sjekke om dei er møre. Ta glasa ut av ovnen og skru fast til lokka.

Simsalabim, no er ein nydelig dessert klar på glas! Tenk så godt dette smakar til vispa kremfløyte!!!! Mmmmmm........
(beklager litt dårlige bilder av glasa)

2 kommentarer:
Oj,san,det så deilig ut og fremkalla barndomsminner.Flott lappeteppe hos deg.Hos meg går det helst i små syprosjekt.Nydelig
Clematis og Stokkroser.God helg!
Hilsen Linda :))
Heisann. Innom med ei god helg helsing :) Takker for oppskrift, den skal prøvast, mn Plommene mine er ikkje heilt klare enda...
Legg inn en kommentar