tysdag 19. august 2008

Ville de Lyon

Vakre blomster står i kø i hagen min for tida, pelargoniane står alle i flott skrud og
no er også alle klematisane mine i blomst.Her viser eg Ville de Lyon, i år blomstrar den fint synest eg. Tidelgare år har eg vore plaga med mjøldogg på denne, men i år er den symptomfri av ein eller annan grunn. Er det nokon som har gode og enkle tips mot mjøldogg, så tek eg imot det med stor takk! Fargen er kanskje litt lysare på bilda enn i virkeligheten, får skulde på det sterke solllyset. Burde kanskje ta nokre bilder i eit anna lys og legge ut.
Eg synest akkurat denne klematisen er så nydelig attåt den solide gråsteinsmuren, dei pyntar kvarandre på eit vis.

1 kommentar:

MOLLY sa...

Nydelig, jeg gleder meg til jeg får farger i hagen min:)