onsdag 27. august 2008

Langs livets landevei....

......og Kjærleikens ferjereise! Kjende ord frå media og litteraturen.Ferjekaia i Volda.
Edvard Hoem skreiv om "Kjærleikens ferjereise", han er ein kjend forfattar frå kystmiljøet på nordvestlandet. Men akkurat desse uttrykka passa godt på denne turen i nydelig vestlandsnatur, er så heldig å kunne bli med min kjære Juliannmann på ein av sine jobbdagar. Av bilda ser de at han er sjåfør, ein lang blank doning på 19 meter og utsikten frå bilen er upåklagelig.


Turen gjekk frå Nordfjord til Ålesund ein av desse fine dagane vi har hatt no i slutten av august.

Karakteristiske Liadalsnipa i Ørsta.
Ferjekaia i Solevåg, utsikt mot Hjørundfjorden.
Fri sikt mot havet mellom Hareid og Sulesund.

Litt nervepirrande er det å køyre på desse smale Vestlandsvegane, berre så vidt plass til hjula innafor den oppmerka køyrebana,.....vel viss der er plass til gul stripe på midten då! Av og til må ein legge ut om kvitestripa når ein møter store bilar....., då er det snakk om å manøvrere på få centimeterar!! Og i speilet ser eg kanten veldig godt!!!


Her ser vi mot Eiksund der det no går verdens djupaste (?) tunnell under sjøen mot Ørsta.


Men det er også herlig å farte av gårde slik, føle friheten på veien, oppdage fine landskap og motiv,.... og så sjekke ferjeruta om vi når neste ferje! Og då vi kom på ei av ferjekaiene, så kom vi ikkje med, ferja var full og det vart ein halv time å vente. Slik er det å være bilist på Vestlandet.

3 kommentarer:

Nyperosa sa...

Hei,

er det mjølkebilen
du kjører rundt med...
På vakre landeveier...

Først nå er cd`ene
kommet i hus, men nå
er det problemer med
e-mailen, igjen...

Tar kontakt når ting
ordner seg igjen.

Au revoir : )

Anonym sa...

Hallo. Ja, så har atter ei veke gått... No er det helg, og eg har planer om å sy litt, så skal eg hekle på teppet mitt. Men den fergekaia i Volda reiser eg fra kvar dag til jobb, med ferga i framgrunnen som heiter Lauvstad. Dessuten er eg fødd og oppvokst i Volda og har no budd i Ørsta i dei siste 20 åra :) Ønsker deg ei fin helg :)
Klem fra Ronille

Anna Lisa sa...

Fekk heimlengsel når eg så bildet av fergekaia i Volda... Bor i Volda som du kansje veit...og nå er eg hos familien på Island.
ha en fin helg!!!
Klem