fredag 30. mai 2008

Grand stjerne-puter!

Litt bilder frå soverommet vårt. Det vart måla lyst i påska og etter det har eg kosa meg med å finne fram til fargar og dekor som harmonerer. Det er ikkje heilt ferdig enno, så her kjem kanskje fleire bilder seinare ein gong.Eg har kjøpt meg nokre nye puter til å ha i lag med vanlig sengetøy. Dei er av merket Grand og er i vanleg mjuk bomullskvalitet, og eg trur det er ein god kvalitet. Fargane er fine synest eg, har kjøpt desse i beige og 2 stk i marineblått som eg skal vise når eg har bytta om.
Ei enkel stjerne som dekor, men så utruleg dekorativt!!!På nattbordet har eg kjøpt meg nye lampar i børsta stål, med skjermar som er litt lekre både med og utan lys i. Motivet på skjermane matchar litt gardinene mine som eg viser litt lenger nede.

Denne aktmodellen har eg laga sjølv då eg gjekk på Høgskulen. (men eg hadde ingen modell å sjå etter! Dama er ei slik ei som er mjuk og rund :) )

Dette er gardinene mine, dei rekk heilt i golvet og er lette og flagrande. Kjøpte dei på Kid for nokre år sidan, og blir ikkje lei dei!
Detalj av gardina.
Eg har i tillegg ei rullgardin, og gjett kva som står i silhuett bak gardina på solrike morgonar???? Litt Mårbacka og Dronning Ingrid, snart klare for å komme ut i varmen dei også!
Over senga heng denne lysekruna som eg har kjøpt hos Primula Design. Den er for telys/stearinlys, men det er berre i den mørke årstida eg fyrer i den. Men det er eit fint skue å ligge under og nyte alle prismene.

6 kommentarer:

tinemor sa...

Så flott soverom du har!
Likte putene dine veldig godt!
Riktig god helg til deg!

Elin sa...

Guud for eit spanande soverom!!

Anonym sa...

Heisann. Litt seint ute med å ønske deg god helg (grunnen ser du i bloggen min), men ønsker deg ei fortsatt fin helg. Her skinner sola, og eg sitter og koser meg med strikketøyet i solveggen :)
Klem fra Ronille

Veronica's hus sa...

Hei!
så hyggelig at du likte bloggen min og vil følge meg videre.Jeg har vært innom dine også, supre sider du har også og for ikke å snakke om mange interesser:)
Likte dessuten de putene med stjernene veldig godt, kan jeg spørre hvor du har kjøpt de?
Ha en strålende endelig-sommer-lørdagskveld. veronica:)

*Hege*-mine små skatter sa...

Heihei=)
Og takk for hilsen på bloggen min,koselig!Tror jammen det må være den blomsten ja...-sto akkurat i dag og tenkte at den var veldig lik noen orange valmuer jeg har...=)
Du har noen fine blogger,håper det er greit at jeg ar linket deg på siden min;)
Er nok snart innom deg igjen...

STRIKKEMOR(O) sa...

No forstår eg kvifor du er så full av energi- du legg deg antagelegvis TIDLEG om kvelden i dette stilige soverommet!