måndag 26. mai 2008

Ein TOPP "Topptur"

Ei vandring i den Vestlandske naturen,

frå hage og plen heime,

gjennom lauvskog og tett granskog,

over lyng og hei,

over skoggrensa og til ope fjelllandskap,

til snaufjell og berggrunn

og opp til eitt av "Nordfjords tak" som er framleis dekt av mykje snø.



Dette er turen som eg og mannen min hadde no sist søndag, i flott ver og gnistrande natur.

Mange av bilda kan klikkast på for å forstørre dei!

Steingardar er eit kunstverk i seg sjølv.
Varme sko må luftast litt...
Utsikt ut Nordfjorden

Storevarden er nådd! Ca 680 m.o.h

Utsikt mot Nordfjorden og Isane i sørvest. Utsikt mot søraust, det høge fjellet i bakgrunnen heiter Gjegnen og er på ca 1500 m.o.h
Ein god strekk i lyngen etter matpausen, og over meg heng sola og strålar. Her kunne eg ha vore lenge, men vi fann ut at vi måtte gå litt lenger i dette flotte veret. Så herifrå la vi i veg mot neste mål, Trollvassnyken som er nesten 1000m.o.h!



Det går oppover og oppover, faktisk lettare å gå i snøen enn på lyngen!
Her nermar vi oss toppen, vi er på ca 950 m.o.h no!

Toppen er nådd, den heiter Trollvassnyken og ligg på ca 983 moh.


Utsikt mot aust, fjell i Eid, Stryn og Gloppen.
Utsikt mot nordvest, dvs. nabofylket Møre og Romsdal.

Eit rypepar spratt plutselig opp, men vi såg ikkje noko reir. Rypa stod lenge og såg på oss før ho letta og flaug, så då vart det nokre gode bilder! Har aldri teke bilder av rype før!
Stupbratt ned mot fjorden, mange vatn er regulerte til kraftproduksjon i desse fjella i Åmelfoten / Steinsvika (namnet på bygdene i fjordbotnen)
Utsikt nordover Dalsfjorden, fjella i Ørsta ligg bak i "syningom"!

Kvite vidder!!

Turen nedatt gjekk for det meste på snø. Snøen var kornet og vi sank ca 20 cm ned i den. Mjukt og fint å gå, dvs i den bratte nedstiginga som var mellom 45 og 60 gr sklei vi som om vi stod på ski.

IIISKALDT BAD! Men lekre fargar !

Som eit sydenbasseng med kvit sand rundt????

6 kommentarer:

tinemor sa...

For en utrolig tur du har hatt!!
Fantastiske bilder!

Gamlå sa...

Tusen takk for turen.Jeg har kost meg med flotte bildene!!! Hilsen Gamlå

Anonym sa...

Kjempeflott!Fantastisk tur de må ha hatt, langt var det og. Trollevassnykjen er ein av dei finaste turane eg går! Ein gong fann eg ikkje fram, ein gong var det tjukk skodde, ein gong i regn.Har vore fleire gonger på toppen, men ikkje i så fint ver som dette. Skal prøve igjen snart.

Elin sa...

Takk for omvisning på kjende trakter! Lurer på kor de gjekk ned att? Nydelege fjell dette, og så den utsikta. Er det fjellturar i klubben i år? Eg kjem antakeleg ikkje på avslutninga i Jektehola, pga. overnattingstur med elevar. Synd.

Anitas hus sa...

For en fantastisk tur du har hatt. Jeg elsker å gå i fjellet, da kan jeg gå og gå og gå.... Er bare så deilig! Har sittet å nytt alle de lekre bildene dine;)
Ha en fin dag!
Klem:O)

Anonym sa...

Nydelig tur!
Der ligg ei helsing til deg i bloggen min.