søndag 1. juni 2008

Blomster kjem,... blomster går....

Forsommar!!!!

Sjå desse herlige forsommarblomstane! Kvart år må eg berre plukke meg ein slik bukett, den osar av sommar og forventing av gode varme dagar og kveldar.Eg brukar å ha ein slik bukett på bordet så ofte eg kan, berre synd at dei lilla misser blada sine veldig fort,...så det blir litt søl med ein slik bukett. Men det er verdt det likevel!!!!

No blomstrar klematisen min, "Montana Rubens" for fullt på verandaen min, den heng over rekkverket og lyser med dei utallige sarte rosa blomstane. Eit vakkert syn!


Mens nye blomster kjem til , så er andre i ferd med å fullføre sin jobb. Eg hadde eit innlegg om mine nydelige " Apricot beauty" tidlegare i mai, dei har stått utruleg lenge, men no er dei virkelig begynt å takke for seg ser de.


Men også når når dei syng på siste verset er dei vakre synest eg, dei står liksom og bukkar og takkar for all oppmerksomhet dei har fått!


2 kommentarer:

Haldis sa...

Nydelig bukett! Heddingen var kjempefin, nydelig.Ventar på "konjakken".

Anna Lisa sa...

Nydelige bilder:)
Takk for lykkeønsker. Vi går og venter og er spennte :)
Nyt sommaren.
Klem