søndag 11. mai 2008

Ei aktiv veke!

Denne veka syns eg at eg har vore flittig!! Har hatt flott forsommarver, så det meste av aktiviteten har gått føre seg ute. Hagearbeid, rydding i overvintra pelargoniar, såing og prikling.
Men litt sying har det også blitt. Tysdagen hadde vi møte i quilteklubben, der temaet var Stichery. Eit koselig motiv hadde Elna og Haldis laga til, takk til dei for flott opplegg! Og dette sticheryet rakk merkelig nok ikkj å bli UFO, for på 2 dagar sydde eg det ferdig, og neste dag så vart monteringa ferdig òg!Denne brødkorga har eg hatt i mange år, trur eg kjøpte den for en billig penge på Rimi ein gong for lenge sidan, men no trengde den ei oppussing.
Nytt innlegg og ny sløyfe rundt gjorde susen her!
Sykroken ute, rikelig med stoff og utstyr........
Ei bukse måtte få ein del nye bøter på seg. Eg har funne ut at ved å bruke sprayen som eg brukar på quiltane mine (limspray til vatt/bakstykke) er perfekt til å feste bøter med før eg syr dei fast. Har også brukt applikasjonsvliselin til dette før, men det er litt meir styr med før eg kan sy.Mi vesle Janome reisemaskin er flittigare brukt enn mi større og bedre Janome......., likevel er eg veldig fornøgd med denne lille raske. Den syr fint og eg kan bruke dei same labbane og utstyret som eg er van med frå den andre.

1 kommentar:

Mallemor sa...

Ser ut til at dokke har det kjempe trivelig.Vi har ei hytte som står ensom og forlatt, vi har litt for mykje å gjere heime til at vi kan ta turen. Men-- når bryllupet er over DÅ.!!!