laurdag 3. mai 2008

Ein herleg laurdag!

Etter ein ufrivillig bloggepause (men eit kjekt venninne-/bloggtreff i staden) så er eg tilbake ved pcen. Det er alltid spennande å sjå kva som rører seg i bloggeverda når ein er borte, så det vart ei rask runde over dei kjekke bloggane for å kikke. Fredagskvelden vart tilbringa halvt liggande i Ektorpen med pcen på akkurat passe avstand,..... kosestund!


Denne fristande "landgangen" vart måltidet no i kveld, ei nydelig avslutning på ein aldeles nydelig dag her på Vestlandet.


Så luftig og herlig å sjå opp, ein kan berre trekke pusten djupt og nyte denne gode forsmaken på sommaren.


Det varma godt i solveggen, så eg bestemte meg for at når det er så flott, så må det berre setjast pris på. Musikk frå stereoen i stova, eit nytt "Hagen for alle" og varm sol, mmmmmmmm!





Nydelige roser både utanpå og inni bladet!



Og så litt om Pelargoniaen "Mårbacka". Denne har eg også i samlinga mi i glaskarmen, gledar meg til dei kjem i blomst.

Desse spirane har kome i rekordfart, sådde dei sist søndag, og då eg kom heim fredag så vart eg overraska med eit vell av villige blomsterspirar. Øverst er det sjølvplukka frø av Erteblomst som spirer, under er det Tagetes som eg også har samla frø til sjølv. Like gode frø som dei vi kjøper, - og best av alt så er det gratis! Det er berre å prøve!




Bjørka står flott og lysegrøn mot den blå himmelen og dei kvite fjella!


" Vårens vakraste eventyr", ein slik dag kan ikkje gjerast finare!

6 kommentarer:

Haldis sa...

God søndagsmorgon! Jammen er det flott i Nordfjord! Blir reint misunnelig her eg ligg i mi seng,men eg skal ikkje klage på maten her.Håpar eg kjem heim til møte i Lappeklubben på tirsdag.Ha ein fin søndag, sola skin så fint inn dei "reine" glasa her.

Tulip sa...

Ble litt sulten her jeg sitter...Mmm, så jo skikkelig digg ut den baguetten!;)
Ha en trivelig søndagskveld!
Tulip

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Du verda for eit innlegg! Du osar av livsglede...

Bara Gry sa...

Så vakre bilder du viser! Herlige kontraster mellom blå himmel, nygrönne björker og hvite fjelltopper! Du bor som på et postkort....

Nyt av fine dager og ha det så fint på premiären (campingvogn...)

Klem Gry

Drømmen om en eplehage sa...

Så koselig med bloggtreff da. Kan tenke meg det kan bli morro Hi,hi!

Den landgangen så skikkelig fristende ut og jeg skal memorere den til lunch i morgen tror jeg:)

De putene du lurte på er fra Jeanne d'Ark Living og er kjøpt hos www.lunehjem.no Fantastisk bra service og superkoselig dame som driver butikken.

Ha en strålende pinsehelg videre og sprell med tærne i det fine været.
Klem fra meg

Ida sa...

Den "Landgangen" såg sååå god ut! Nam nam! :)
Både den og retsen her er til å bli fristet og i godt humør av.
Å samle frø selv er kjekt ja. Om sommeren går jeg med lommene fulle. Må bare huske å tømme lommene om kvelden.... ;)
Nyt våren fortsatt og ha en fin søndag!