søndag 11. mai 2008

Campingliv!


Det gode liv,......

det må vere ein tur i fineveret for å nyte fridagar, gjere det ein vil, når ein vil!!

Her er Strynefjellet, utsikt frå brøytestasjonen mot vest. Knallver! Skiføre, mykje folk i hyttene, spor etter reinsdyrflokkar i fjellsidene og varmt i sola.

Dette var berre ein pause på turen, på slep har vi vogna til bror min som vi skal parkere ved sida av vår campingvogn på plassen litt lenger nede i dalen. Kjekt med gode naboar!!

Det er ikkje kvar dag eg lagar 2 innlegg, men eg har det så fortreffelig fredelig i forteltet til campingvogna no, at det vert tid til litt av kvart. På campingplassen er det trådlaust nettverk, så her manglar vi ingen ting!!
Kaffi og god tid, fin musikk i bakgrunnen, ein mann som kosar seg med mat og prat med naboar om tekniske finessar ved campingvognlivet. Då har karane noko å gjere på dei òg.

Litt etterlatenskap etter gårsdagens kos...
god kaffi når vi treng det.......
...og ei herlig seng å slappe av i ved behov.
Perfekt!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann. Er litt seint ute med å ønske deg God Helg- og Pinse. Men dei siste dagane har vore så fine at eg har stort sett vore ute og lite ved datan :) Men i dag er det grått og regn, så da passer det bra med ei bloggbesøkrunde. Svigers har vogn på Dønnfoss, (eg trivast best på hytta), så vi er ikkje der så ofte.
Klem fra Ronille

Gry sa...

Jeg vil reise ut igjen, NÅ!! Elsker campinglivet og kunne godt ha tenkt meg et konstant kampingliv mellom 1. mai og 1.oktober, ha,ha... Det hadde värt noe...sukk.

Ser ut som din bror har en Knaus Südwind? Vi har også det nå, og vi er kjempefornöjde etter premiäreturen forrige helg. Nå lengter jeg bare etter neste tillfelle å reise med familien på nye eventyr.

Ha det så bra! Klem Gry

Gry sa...

Kampingliv, fniss. Campingliv skal det väre!!

Må jo kommentere det fine qviltearbeidet du gjör. Kunne nesten få lyst til å pröve ;-9

Klem igjen