Ein UFO er i ferd med å bli historie, Juliann har kasta seg optimistisk over den og har tenkt at
NO SKAL DEN BLI FERDIG! Eg er ein ekspert i å begynne på kjekke ting, men problemet er at det finst så mange kjekke ting som står i kø og vil bli begynt på........
Denne blivande nåleputa skulle bli ferdig i januar,......... då hadde vi dette som tema på medlemsmøtet vårt i quilteklubben heilt i starten på det nye året.
Eg syr med både silkeband, moulinegarn og perler.
Ei litt spesiell nålepute skal dette bli. Litt vatt er lagt under broderiet og så er stoffet spent rundt ei tynn papp-plate og tråkla fast.
Eit tilsvarande bakstykke er laga, men dette er utan broderi. Strammar opp stoffet ved også å sy på tvers fleire gongar.
Ei runde med knappholsting rundt begge delane før eg sydde dei i hop med små sting.
Og så er UFO-en ikkje ufo lenger, men ei spesiell nålepute for knappenåler, der dei vert sette inn rundt heile sidekanten.
1 kommentar:
Gratulerer med ferdig ufo!! Nåleputa blei fin. Det er kjekt med aktivitet på bloggen din igjen!! Sjalet under ser også artig ut, så ikkje bli forbausa viss eg og hiv meg på "snurrebølga" eg og....
Legg inn en kommentar