tysdag 15. april 2008

Red & White

Dei som har følgt med på bloggen min i vår, har sett at no er eg så vidt begynt på å måle stova mi lysare. Ein herlig følelse å sjå kor lyset slepp til og rommet blir plutselig annleis. Har ikkje fått måla så mykje enno, men eg tek litt etter litt og gjer ferdig, for vi skal tross alt bu her samtidig. Skal vise litt meir ein annan dag, men tenkte at de skulle få sjå mine nye sofaputer.
Eg dumpa plutselig over dei på Kid. Gjekk inn for å sjå etter beige puter til min lyse Ektorp, men så stod desse på ei hylle og lyste til meg. Og prisen var så hyggelig og kvaliteten så god at desse måtte eg berre ha med meg. Putene er 50 x50, i bomull, strikka front og lerret bakside.

1 kommentar:

Husflidstausa sa...

Håper vi får sjå bilete av den ferdige stova når den tid kjem....