søndag 20. april 2008

Strålande!

Laurdagen var ein aldeles strålande dag i Nordfjord! Og når det er så fint, då er det uteliv som gjeld! Mykje vårarbeid står og ventar på å bli gjort, men ein rekk ikkje alt på ein dag, så ein får ta det litt etter litt.
Men det viste att litt etter meg likevel, eg fekk klipt greiner på nokre epletre og plommetre, og bringebærbuskene fekk seg ei opprydding. Men innimellom måtte eg ha meg mange gode pausar og nyte det fine veret. Slik som ein av pausane her på verandaen, med varm sol rett imot, nydelig utsikt og eit strikketøy. Og litt aviser, musikk på øyret,........... herlege dagar.
Og ein forfriskande yoghurt.........
Dagen i dag ser like flott ut, kva den bringer av opplevingar vil tida vise. God søndag til alle som kikkar innom!

3 kommentarer:

Christinas låvebutikk sa...

Hmm... så deilig ut ja! Litt overskyet her i dag!
Ha en solfylt søndag!

Anonym sa...

Lenge mellom sånne deilige dagar i Nordfjord, så at vi får så mange dagar i strekk er nesten ikkje til å tru....
Kos deg i sola!

Tingelingeling sa...

Hei! Jeg har vært på besøk på siden din! Så hyggelig den er! Jeg deler din hage og pelargoniumintersse, ja og syingen da!!!
Ha enstrålende vestlandsdag!