måndag 21. april 2008

Sesongstart i campingvogna

No begynner visst bloggen min å sjå ut som ein naturblogg, for her kjem det endå ein flott naturbildeserie. Men årsaka er det flotte fotoveret vi har hatt siste veka, med gnistrande motiv og opplevingar same kvar ein snur seg. Sist søndag var vi på ein vest-aust tur, frå det vårspirande Vestlandet, opp i Snøriket(over Strynefjellet) og til det nyvakna Austlandet der det ikkje nesten ikkje var eit grønt grasstrå å sjå..

Dette første bildet er frå den vestlegaste delen av Strynefjellet. Og her er det lenge til våren ser de, berre så vidt skilta klarer å kikke over snøkanten.



Vegen går her austover rv 15.


Og no er det kjempefint å dra på påsketur......... ein del skigåarar hadde teke vegen oppover her.

I vinter var eg innom Finn.no ei helg, det resulterte i denne manillagruppa,....til kr 300,-!!! Eg lurte litt på om eg skulle trekkje om putene, hittil har det ikkje blitt, men syns dei er ok på ein slik plass likevel. Det er bruksmøblar og ein treng ikkje vere så redd for dei når trekket er slitt. Vart iallefall fornøgd med kjøpet mitt no når eg ser møblane på den plassen eg hadde tenkt.


No har eg altså fått møblane på plass i forteltet til campingvogna vår. Den står plassert på austsida av Strynefjellet for at vi kan vere "klimaflyktningar" når det regnar som verst her på Vestlandet.



Returen til Vestlandet seint søndag ettermiddag var ei flott naturoppleving òg, sola blenkte i dei kvite fjella, dei var runde og mjuke i formene pga. metervis med snø.

Dette er Grotli Høyfjellshotell, det ligg omtrent på det høgste punktet på vegen over Strynefjellet, over 800 moh.

Viddene ovanfor hotellet.

...og vegen ligg djupt nede i snøen .

Ganske høge brøytekantar, nesten 3 m på denne sida av vegen.

Langs fjellsida til høgre her går vegen til Geiranger, trur nok det vil gå ei stund før den vegen er køyrbar ja..... (flata i forkant er eit vatn)


Her er porten til Vestlandet! Etter 3 tunnellar så er vi ute i ei anna verd.

Utsikt frå vegen som slynger seg ned frå fjellet. Dalen foran er Oppstryn.


Høge fjell og djupe dalar.

Langs Strynsvatn,.... grøne marker nederst og snøkledde fjell.
DET ER VÅR!


For dei som ikkje har vore i denne delen av landet vårt, så må de tenkje på eit besøk. Her er det VILT og VAKKERT!

Ingen kommentarer: