fredag 18. april 2008

Ei ferjereise


Eit fantastisk vårver på Vestlandet, sol frå klarblå himmel, snøkvite toppar som speglar seg i stille vatn og fjordar.
I går hadde eg ein tur i denne vakre naturen, køyrde mellom Nordfjord og Sogn, og fekk nyte desse gnistrande naturbilda. Slike scener ser vi som bur her kvart år, men likevel vert vi like fasinerte over kor vakker naturen vår er, eg sit med fotoblikket i augene og ser det eine vakre motivet etter det andre. Det er då ein begynner å filosofere over alle turistane som kjem til distriktet vårt, korleis opplever dei naturen vår når vi som kjenner den så godt er så imponerte sjølve?? Klarer dei å fordøye det dei ser og setje ord på det??? Og er det difor dei kjem att år etter år for å være i desse scenebilda???

Mange andre bilistar var også ute og farta då eg, så då vi kom til ferjekaia på Anda for å krysse Nordfjorden, så stod køen laaangt oppetter vegen, og det var usikkert om eg kom med. Kort fortalt ordna det seg, men med eit veldig nervepirrande innslag. Eg har ein Caravelle og den er opp under 2 m høg, og då eg skulle ombord i ferja, vart eg dirigert på hengedekket (har alltid vore vinka til hoveddekket pga. høgda!!)

Hjelp! "Eg er for høg!!" sa eg til billettøren, men han meinte det skulle gå akkurat, "det står 2 m på skiltet, men der egentlig 2,1 m", sa han. Vel,.... ferja var full og det var berre å stole på han, men vi som var i bilen såg med skrekk og gru på den lave takhøgda då vi kom opp på hengedekket.


Turen over vart likevel utruleg fin, sat høgt og luftig med panoramautsikt over fjord og fjell, så då hadde eg endelig sjansen til å fotografere litt, både framover ferja,


vestover Nordfjorden


og bakover mot ferjekaia på Anda i Gloppen


PS! Bilen passerte taket utan å skrape oppi, men du verden kor nifst spennande det var......

3 kommentarer:

Klarafina sa...

Utrolig flotte bilder. Skjønner godt at du ble litt betenkt over takhøyden. Bra at det gikk uten problemer.
Ha en god helg!

Storeflittig sa...

Tenk at vårt eget land er så her vakkert!!

Jeg har lagt deg til på norskeinteriorblogger.blogspot.com og oppfordrer alle som har lagt seg til å linke på bloggen sin:):)

Takk for at du er med, jeg har allerede oppdaget flere nye blogger, så dette blir bra!

Husflidstausa sa...

Mange flotte bilete i/av ein vakker natur. Vi har jo eit nydeleg vær for tida.