tysdag 11. mars 2008

Quiltekurs

Denne helga har eg brukt på meg sjølv og quilting. Klubben som eg er med i hadde årsmøtehelg der vi hadde det veldig kjekt saman. Vi starta med frokost på eit hotell kl 9 laurdag morgen, og mange svoltne damer et og et!

Såå deilig å få ferdig frokost, og litt annleis enn det vi har heime.
Nysteikte brød og rundstykker, gode berre med smør. 2 egg klarte eg også!! Og det skjer omtrent berre 1 gong pr år! Kaffi og juice og herleg pålegg, eg sakna berre ansjosen..........


Årsmøtet etterpå var aktivt, damene var opplagde og taleføre, og kva var vel meir naturleg på KVINNEDAGEN????
Ein sit litt i skotlinja når ein er i styret (nestleiar), men eg trur at medlemmane var fornøgde med dagen.

Etter årsmøtet og heile søndagen var det kurs med ein flink kursholdar frå Bergen, Signe Haugen. Vi lærte mange BRETTETEKNIKKAR, og fekk fram mange flotte 3-dimensjonale effektar.
Mange av desse modellane finn ein i boka Creative Tucs av Jennie Rayment. Signe har brukt denne boka mykje og ho anbefalte den. Boka er på engelsk.


Dette er ein av modellane som eg sydde.

Modellen min er ikkje heilt ferdig, for her var det om å gjere å lære mange teknikkar og så gjere ferdig resten heime.

Fleire bilder finn de på klubbens blogg NLQ PHOTO

7 kommentarer:

Klarafina sa...

Det er morsomt og inspirerende å gå kurs ikke sant? Jeg gleder meg til årsmøtet på Olavsgaard i april.

pip sa...

Lyder til at havde været et godt møde og sikken et dejlig indslag med kursus i foldeteknikker, det ser rigtig spændende ud.

Gry sa...

Å, nå blir jeg imponert! Det her må jeg vise svigermor. Hun syr qviltetepper og sånt, men ikke jeg ;-) Jeg skal tipse henne om siden din!

Nå har vi endelig henta den nye campingvogna, og igår vaska jeg oss inn i den, fniss. Du skjönner sikkert hva jeg snakker om ;-)

Ha en finfin dag! //klem Gry

Elin sa...

Dette såg kjekt ut! Er det mogeleg for meg å låne DJ-manualen i påska? Ikkje mykje hjelp i å ha installert, når ein ikkje veit korleis bruke utstyret. Tusen takk!

elin1976 sa...

Er innom for å ønske deg en hyggelig fredag. Masse klemmer fra Elin:O)

Anonym sa...

Gratulerer med dei nygifte, måtte hell og lykke følge dei :)
God Påske til deg og dine :)
Klem fra Ronille

mali-mo sa...

Kom tilfeldigvis til bloggen din og lot meg imponere av alle quilteriene (det heter nok ikke det nei?) dine. Men fine er de iallfall!

Ønsker deg god påske!