torsdag 6. mars 2008

Bryllup.... igjen!!

I vår familie er vi i eit riktig bryllupsmodus for tida, for her har nokre vore gifte i 50 år, og så har vi nokre som har vore gifte berre 11 timar!!!

Dattera mi har gifta seg i dag, med drømmeprinsen sin som ho tok med seg heim frå Usa! So romantic!!

Og her er virkelig romantikk i lufta for tida, artig å sjå kor dei sprudlar og kosar seg i lag, og kva er vel meir på sin plass enn eit bryllup då???



Dei valde å bli via hos sorenskriver, og det var ein enkel, korrekt og flott seremoni som vart holdt på engelsk. Så flott at dei kan gjere det!

Så atter ein gang kjem her brudebukettbilder på bloggen her, men denne gongen har ikkje eg laga den. Brudeparet ville ha berre ein enkel seremoni i dag, med feiring for slekt og venner seinare, så bukett hadde dei egentlig ikkje tenkt på. Men mor som var på blomstersynfaring sist laurdag får av og til litt idear, så eg spurde om eg kunne få gi dei ein liten bukett som presang til denne dagen. Då var det eg som fekk ja!

Eg var innom eit lite blomsteratelier som heiter Det gylne snitt på Nordfjordeid sist laurdag på jakt etter blomster til den forige brudebuketten, der kjøpte eg gullhjertet som eg brukte i den. Dama som har dette atelieet er veldig flink og kreativ, og ho hadde også større hjerter. Då kom ideen om den nye buketten, med berre 3 roser og litt pynt.
Ho laga den etter våre ønsker og den vart berre heilt nydelig synest eg. Så enkelt, men så hjertelig flott!!




Now you can kiss the bride!!!

...og kjolen er kjøpt i Brasil og skoa i Usa!




Vi hadde også enkel mat etter vielsen som foregikk i Førde. Der er det Peppes pizza, og maten der passa fortreffelig til oss. Servitøren viste oss mykje oppmerksomhet då han fekk vite at vi feira bryllup, ikkje kvar dag dei har det i resturanten sin!! (he, he, det er vel ikkje det nei) Då vi skulle til på desserten kom han plutselig med presang til brudeparet, ein "dobbel-is" på eitt fat med 2 skeier med røde ballongar! Så flott det var!!
Hjertelig til lykke hadde dei skrive på dei utklipte hjerta!!
Ei skikkelig forseggjort oppmerksomhet!

Vel heime vart det kaker og kaffi, på eit flaggpynta bord.


Og ute vaia det norske flagget i den vinterlige vårdagen.


No skal den nybakte svigermora ha seg ei groveskive og eit glas melk til kvelds, og kose meg med minna om ein annleis fantastisk koselig torsdag i familien!!

9 kommentarer:

Tiril sol sa...

GRATULERER MED DEN STORE DAGEN!
Hels så masse til brudeparet:-))))

Lindas Hus.. sa...

Herlige bryllupsbilder hos deg.Skjønne blomster.God helg!
Hilsen Linda :))

Haldis sa...

Gratulerer til brudepar og foreldre.Ser ut så de har kosa dokke.Snakkast i morgo til frokost.

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Eg gjer meg ende over, og gratulerer så masse! Fleire godbitar i vente?

Anni sa...

Tillykke med datteren, ja det er en stor dag når ens barn bliver gift,du må have en rigtig god weekend.

Anna Lisa sa...

Gratulerer med datteren din:) Så hyggelig!! ha en fin kveld. Klem

Berit sa...

Gratulerer med den store begivenheten. Fantastisk fine blomsterbuketter!

Bara Gry sa...

Gratulerer med dattera! Så fint med bryllup, uansett vilken variant du velger, syns jeg! Du har tatt så fine bilder fra begivenheten, og det er ikke lett når det skal väre anonymt. Enda har du klart å få siluettbilder som viser et fint, ungt par!

All framtidig lykke till brudeparet!

Klem Gry

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer så masse med bryllaupet! Så moro!!
Det var bra du skreiv den kommentaren til meg om Cappelen. Det er sjølvsagt Damm sin hobbybokklubb eg er medlem hos no.... Men Cappelen og Damm har visst fusjonert, så no dei heiter dei Cappelen Damm. Då spørst det om dei kjem til å slå saman dei to hobbybokklubbane!!